annonse

Vaklande samarbeid?

Ordførarar
Ordførarar: Gaute Epland (f.v.), Wenche Tislevoll og Peder Sjo Slettebø. (Foto: Hilde Vormedal Nybø)

  • Leiar

Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) kritiserer Samarbeidsrådet for Sunnhordland, og meiner det er for liten aktivitet i regionsrådet. Njåstad, som tidlegare var ordførar i Austevoll, var sjølv styreleiar i Samarbeidsrådet frå 2004 til 2006, og burde såleis vita kva han snakkar om. Mellom anna viser Njåstad til dårleg oppmøte blant enkelte. Han viser også til at andre regionar i fylket er flinkare til å profilera seg i Oslo enn Sunnhordland.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er eit interkommunalt selskap, eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Føremålet med selskapet er interkommunalt samarbeid på generell basis, med særleg vekt på tiltaks- og utviklingsarbeid. Selskapet skal ta opp saker som kan fremja utviklinga av Sunnhordland, og leggja dei fram til drøfting og utgreiing.

Ikkje alle er samde i kritikken, men ein gjennomgang av protokollane viser at Njåstad nok har eit poeng. Oppmøtet kunne – og burde – vore betre. Styreleiar Wenche Tislevoll viser til at mykje av jobben vert gjort utanom rådsmøta, der rådmenn og ordførarar i medlemskommunane er innkalla. Det er både arbeidsutval, arbeidsgrupper innan fleire fagområde, og det er jamlege møte både med sentrale politikarar, fylkespolitikarar og departement.

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er eitt av dei eldste regionsråda i landet, stifta i 1981, og er eit viktig organ for utvikling i regionen. Me tek ikkje stilling til om kritikken frå Njåstad er rett eller ikkje, og kven som har møtt på kva. Men ein kan alltids ha godt av ein vekkjar, og me er sikre på at Samarbeidsrådet vil bestå og framleis spela ei viktig rolle for felles utvikling i Sunnhordland også i åra som kjem.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut