annonse

Ver forsiktig med elden

Stor brannfare
Stor brannfare: Onsdag formiddag blei farenivået for Vestlandet justert opp til oransje. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Leiar

Me har lagt bak oss tidenes påske, iallfall om ein ser på vêr og temperatur. Folk har kosa seg, anten dei har vore heime, til sjøs, eller til fjells, og temperaturen har bikka 20 grader fleire gonger.

April månad har vore uvanleg tørr i år, opplyser meteorologane. Ei rekkje stader i Norge har langt mindre nedbør enn det som er vanleg i april. Spesielt i Bergen og resten av Hordaland har det vore svært mykje tørrare enn det plar vera. Her kjem det normalt sett godt over 100 millimeter med nedbør i april, men i år har det berre komme nokre få millimeter. Dette veit folk å setja pris på, og bilete av tidleg sommar fløymer over i sosiale medium og andre stader.

Men fint vêr og tørr vår skapar også utfordringar: Dei som driv med jordbruk vil vel helst at det kjem litt nedbør snart, og dei siste vekene har fleire brannar i terrenget vist at det er svært så brannfarleg på Sørvestlandet. Palmehelga vart det innført generelt bålforbod også i vårt distrikt, og folk må vera ekstremt forsiktige, og ikkje laga bål ute i skog og mark.

Bruk av grill og bålpanne på eigen privat grunn går fint. Me nektar heller ikkje folk å brenna hageavfall på sin eigen eigedom, så lenge dette vert gjort langt vekke frå skog og lyng. Her må folk bruka sunn fornuft, er oppmodinga frå det lokale brannvesenet. No er det meldt litt regn, noko som er nødvendig, men alt i neste veke ser det ut som høgtrykket kjem att. Nyt dagane – og ver forsiktig med elden.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut