annonse

«Viktig å ta bygdefolket på alvor»

Leiar
LEiar: «Det er viktig å ta bygdefolket på alvor, og spela på lag med dei. Me vonar at Sunnhordland Naturgass har ein vidare strategi for det også». (Foto: Anita Haugland)

  • Leiar

Enova støttar biogassprosjektet til Sunnhordland Naturgass med 38,9 millionar kroner. Dermed er finansieringa på totalt 80 millionar kroner på plass. Prosjektet kan setjast i gang straks, og alt om 12 månader kan det vera produksjon av biogass på Seglneset i Sagvåg. Selskapet har allereie gjort store investeringar i distribusjonsnett, og vil med denne satsinga bli ein totalleverandør av alternativ, miljøvennleg energi i regionen.

Med dette tiltaket vil sunnhordlandsregionen vera blant dei første distrikta i landet som kan tilby ei miljøvennleg og lokal energikjelde for oppvarming og kollektivtransport. Dette er ei lite brukt energikjelde som me har gode føresetnader for å utnytta i regionen, fordi me har naturleg tilgang til naudsynt substrat. I tillegg representerer løysinga store miljøvinstar, hevdar Sunnhordland Naturgass i ei pressemelding.

Biogass og -drivstoff er eit nasjonalt satsingsområde, og Enova er eit statleg selskap som har som mål å arbeida for omstilling til lågare utslepp. For å få dette til må næringslivet satsa på innovasjon og teknologiutvikling. Og ikkje minst, så må det leggjast til rette for at ein også kan tena pengar på slik omstilling. Difor har Enova berre det siste året støtta heile 673 ulike prosjekt med til saman nærare to milliardar kroner.

Straks meldinga kom onsdag kveld, oppstod ei aksjonsgruppe i Sagvåg. Naboane fryktar at anlegget vil føra til luktproblem i området. Det er ikkje vanskeleg å skjønna ein slik reaksjon. Me er glade for at lokale bedrifter endå ein gong viser at dei kan tenkja nytt og miljøretta, og satsinga i Sagvåg kan føra til nye arbeidsplassar. Samstundes er det viktig å ta bygdefolket på alvor, og spela på lag med dei. Me vonar at Sunnhordland Naturgass har ein vidare strategi for det også.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut