annonse

«22 minuttar mellom Leirvik og Husnes er heilt vilt»

Reagerer
Reagerer: Gisle Tjong. (Foto: Magne Kydland / arkiv)

  • Meiningar

No må nokon snart våga å seia ifrå om at dette med 22 minuttar gjennom Sunnfast, mellom Leirvik og Husnes, er heilt vilt. I den innteikna traseen er distansen 40 km, og det betyr 109 km/t, om ein skal fram på 22 minuttar. Sei 35, så er det realistisk.

Ein annan ting er at ein kunne spara fire km, og tre-fire minuttar, på ein tunnel gjennom fjellet (Skårafjellet) på Tysnes. Frå brufeste til brufeste.

Eg vil og ha nokon som har noko med det, til å stadfesta at det vil vera ope også for syklande. Eg tenkjer på alle dei innteikna tunnelane. Det er iallfall teikna inn eigen sykkelveg på ei bru i avisa, og du må uansett gjennom ein tunnel, før du kjem til ei bru. Nei, for i dag er jo tunnelar stengde for syklar, om dei er over ca. 500 m.

Og så var det dette med sykkelteljaren, som snart skal få selskap av ein til trass i at den første er totalt upåliteleg. Heilt på jordet, som ein skreiv. Og det samstundes med at mange gode føremål ikkje får det dei burde ha fått. Prioriteringa er heilt uforståeleg. Snakk med kven de vil, alle som syklar nokolunde regelmessig, vil seia at data frå denne teljaren er null verdt.

Gisle Tjong

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut