annonse

«Alle skal ha dei same rettane»

Reagerer
Reagerer: Henrik Engevik Hatlevik, leiar i Stord Unge Høgre. (Foto: Privat)

  • Meiningar

Kommentar frå Stord Unge Høgre om Klippenberg-saka.

Etter å ha lest saka i Sunnhordland publisert 31. desember 2018 reagerer eg, saman med resten av styret i Stord Unge Høgre med sjokk og sterk kritikk mot behandlinga Inger Alice Klippenberg fekk av Skyss då ho gjentekne gongar ikkje fekk vera med på bussen og fekk beskjed av sjåføren at ho «berre måtte ta neste buss» frå Sagvåg til Leirvik.

I samfunnet vårt skal alle ha same mogelegheit til å delta og nytte seg av dei same tilboda, uansett om ein er funksjonshemma eller ikkje. Bussane som køyrer den strekninga Klippenberg ønsker å reise er universelt forma ut med både påstigingsrampe og reservert plass til rullestolbrukarar. I dette tilfellet er det difor ikkje teknologien og kvalifikasjonane til bussane som er problemet, men måten sjåførane til Skyss vel å behandle dei som er avhengige av rullestol. Dette reagerer Stord Unge Høgre veldig på, og rettar sterk kritikk mot selskapet som ligg under Hordaland Fylkeskommune.

Eg meiner disse hendingane kvalifiserer til diskriminering av funksjonshemma personar, og reagerer med kritikk og stor skuffelse over korleis Skyss sine sjåførar behandlar personar som er avhengige av rullestol for å komme seg rundt. Dette er ikkje noko som skal aksepterast i dagens samfunn.

Saman med styret i Stord Unge Høgre vil eg difor komme med eit krav til Skyss. Me krev ei formell orsaking til Klippenberg, i tillegg til ei offentleg forklaring til hendingane og ein lovnad om at tiltak skal gjerast slik at noko slikt som er skjedd ikkje gjentar seg. Eit seriøst transportselskap skal ha tillit blant dei reisande, og dette oppnår ikkje Skyss med å bidra til diskriminering av innbyggjarar i kommunen vår.

Henrik Engevik Hatlevik,
leiar, Stord Unge Høgre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut