annonse

Ålreite dyr

Dum som ein sau
Dum som ein sau: Roald Drønen synest sauer er kjekke, men kanskje ikkje så smarte at det gjer noko. (Foto: Illustrasjon)
Dum som ein sau
Dum som ein sau: Å møta sauer i trafikken er ikkje alltid like lett. (Foto: Magne Kydland)

  • Meiningar

Dei skal visst vera det, desse skitne dyra på fire bein som me ser rundt oss på bøane eller møter i utmarka. Ein politikar som ikkje hadde kunnskap om rasen var den som fyrst lanserte uttrykket på ei direktesending på fjernsyn: Ålreite dyr. Dette vart til ålmenn latter frå dei andre i panelet. Dei hadde truleg meir erfaring med desse husdyra som gjev oss delikatessa fårikål.

Eg er usikker på om politikaren har rett. Han, eller kanskje var det ei kvinne, har i alle fall ikkje vore med og samla inn dyra på fjellet om hausten, for å få dei i hus før vinteren set inn. Den som har vore med på slik innsanking veit at det er eit svære strev å få slå kloa i dei viltre dyra.

Eg møtte to av slaget på laurdag. Dei hadde lagt seg godt til rette i vegbanen, rett bortom ferista der eg kom køyrande. Det såg ut som dei nytte morgonsola nett som eg sjølv gjorde.

Les også: Bilistar stikk frå påkøyrde dyr

Eg tok foten av gasspedalen og senka farten. Då snudde dei hovudet litt motvillig mot meg. Eg syntest dei såg dumt på meg. I redsel for at eg skulle køyra over dei, kom dei seg på beina, og byrja å bevega kroppane sine bortetter vegen. I sakte fart. Dei hadde god tid.

Dum som ein sau
Dum som ein sau: Å møta sauer i trafikken er ikkje alltid like lett. Foto: Magne Kydland

Med eitt vart eg var landskapet og fargane i naturen. Eg tråkka på bremsen, stogga bilen og gjekk ut for å ta nokre bilete. Då oppdaga eg at dyra også hadde stogga. Dei stod og kikka på meg, meir intenst enn fyrste gongen.

Då bilen igjen var sett i rørsle, la dei forsiktig i veg, sjølvsagt midt i vegen.

Nei, politikaren har slett ikkje rett, tenkte eg. Ordtak er bygd på røynsle. Også i dette tilfelle. Dum som ein sau. Det er sant.

Roald Drønen,
Fitjar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.