annonse

«Ap treng ikkje belæring frå Kyvik og Høgre»

Svarar
Svarar: Magne Misje. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

  • Meiningar

Øyvind Kyvik prøver igjen å fiska i rørt vatn. Innlegget hans onsdag 24. april er ei blanding av høgstemt hylling av eige parti og politikk og usaklege angrep og usanne påstandar om Ap sin politikk. Høyr berre:

Ap var ein gong eit industriparti, men er det ikkje lenger, Ap er meir og meir vaklande i olje- og gasspolitikken, Ap sin politikk gjer at heile føresetnaden for norsk petroleumspolitikk står på spel, Ap vil ikkje at olje- og gassnæringa skal utviklast, men leggjast ned, Ap forstår ikkje at verdiar må skapast før det dei kan fordelast.

Og hyllesta? Høgre står for alt det positive som Ap er mot, og Høgre og Frp er dei einaste som står oppreist i olje- og gasspolitikken. Kyvik forsikrar oss om at han er svært skuffa over at Høgre ikkje har fått til konsekvensutgreiing, og at han har meldt dette tydeleg til statsministeren.

Det imponerer ingen. Imponert vart tydelegvis heller ikkje Erna Solberg, som heller vil sitja i regjering med Venstre og KrF enn å lytta til Kyvik sine bekymringar for oljeindustrien.

Kyvik er sjokkert over at Barth Eide vil diskutera leiterefusjonsordninga. Diskusjonen om dette finst overalt i samfunnet, i dei fleste parti og organisasjonar. Standpunktet er ikkje meir revolusjonært enn at Kyvik sin regjeringspartnar, Venstre, har det i sitt program. No vart ikkje dette Ap sin politikk, så Kyvik kan pusta lettare og ta det med ro.

Kyvik kan lata som han ikkje veit, men han bør vita at standpunktet om nei til konsekvensutgreiing av LoVeSe også er omstridd i Høgre. Mange i Unge Høgre er mot konsekvensutgreiing, og Kyvik kan spørja partifellane sine i Bergen, tidlegare stortingsrepr., byråd og bystyrerepr. Henning Warloe og tidlegare byråd Jane Midelfart Hoff om kva dei meiner. Nei til konsekvensutgreiing av dette området vart i realiteten avgjort då dei raudgrøne skipa regjering i 2005. Standpunktet vart stadfesta ved regjeringsdanningane i 2009, 2013 og 2017.

Dette er dei politiske realitetane, Kyvik. Så kan vi gjerne diskutera kor demokratisk det er at små parti som utgjer eit mindretal på Stortinget blokkerer for ein politikk det er fleirtal for.

Ap treng ikkje belæring frå Kyvik og Høgre om industri- og oljepolitikk. Ap har i over hundre år vore det leiande industripartiet i Noreg. Det vil Ap halda fram med. Kyvik bør kosta på seg ti minuttar med lesing av industrikapittelet i Ap sitt program. Det kan vera von om at han vert klokare av det enn å lesa tolkingane av Ap sitt program som parti- og valkampstrategane i Høgre sender ut.

Magne Misje

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut