annonse

Arbeidsgruppe skal sjå på vidare drift av Smedholmen

SMEDHOLMEN
SMEDHOLMEN: I eit lesarbrev blir det etterlyst kva Fitjar kommune skal gjera med Smedholmen. Her er svaret frå ordførar Wenche Tislevoll. (Foto: ARKIV)

Svar på ope brev vedr. Smedholmen.

Bakgrunnen for at leigetilhøvet til Einar Matre og Terje Skorpen på Smedholmen no vert avvikla er at Staten v/Miljødirektoratet vedtok 14. august 2015 at den kulturhistoriske eigedommen på Smedholmen skulle fredast.

Miljødirektoratet som eigar vil som følgje av fredinga ta økonomisk ansvar for å setja i stand bygningane på Smedholmen då desse, etter ein tilstandsanalyse, ber preg av svært mangelfullt vedlikehald over lang tid.

Vilkåra for at dette kjem i stand er at den vidare drifta føreset at bygningsmassen og dei nære områda rundt skal vera opne for ålmenta. Generelt er ikkje privat bruk over lengre tid, slik leigetilhøvet på Smedholmen har vore til no, i samsvar med sikringsføremålet. Einar og Terje fekk først ein utflyttingsfrist på 3 månader, deretter blei fristen utvida med ytterlegare 6 månader.

Det er for tidleg å seia nøyaktig kor lenge istandsetjingsfasen vil vare. Det er eit omfattande prosjekt, som ein tek sikte på å gjennomføra så intensivt det let seg gjera og det vil ikkje vera mogeleg å nytta bygningsmassen før arbeidet er fullført.

Fitjar kommune skal allereie no setje ned ei arbeidsgruppe som skal lage ein plan for vidare drift av Smedholmen. Målet er ein levande kystgard, der kystkulturen og kulturlandskapet vert ivareteke på ein god måte og innanfor rammene av eit statleg sikra friluftsområde. Drifta skal ikkje vera privatiserande eller til hinder for ålmenta sin bruk av Smedholmen.

Wenche Tislevoll, ordførar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut