annonse

Auka satsing på tur- og sykkelvegar

Turvegar
Turvegar: Marte-Cecilie Tveita Djuvsland, Stord Frp (t.v.), Per Audun Halleraker, Stord Høgre og Camilla Elen Berg Larsen, Stord Venstre slår eit slag for å satsa på betre tur- og sykkelvegar på Stord. (Foto: Privat)
Skisse
Skisse: Vedlagt bilete viser turvegbruer (raude piler) og nye/oppgraderte turvegar (kvite piler). Det er viktig å merke seg at trase ikkje er bestemt, det er berre samanknytingane som er teikna inn. (Foto: Privat)

  • Meiningar

Venstre, Høgre og Framstegspartiet i Stord er einige om ei satsing på tur- og sykkelvegnettet i kommunen. Me vil realisere ei rundløype rundt Storavatnet i tillegg til oppgradert standard på strekket Leirvik-Sagvåg. Det me foreslår er, i prioritert rekkefølgje:

– Bru over Kråkesundet

– Bruforbindelse Almås-Nysæter (Sandvik-Knurrøya og Knurrøya-Nysæter)

– Ny turveg gjennom Almåsskogen til Kråkesundet, med knyting til eksisterande nett

– Ny turveg frå Vassenden til Båtsvika

– Oppgradert dekke (grus) på sykkelrute gjennom Almås-Landåsen-Vabakkjen

– Vurdere å opne tunnelen Vassneset-Sagvåg for sykkel og gangtrafikk

– Leggje til rette for lysløype på sikt

Skisse
Skisse: Vedlagt bilete viser turvegbruer (raude piler) og nye/oppgraderte turvegar (kvite piler). Det er viktig å merke seg at trase ikkje er bestemt, det er berre samanknytingane som er teikna inn. Foto: Privat

Dette er relativt små investeringar med store konsekvensar:

– Bydelane vert tettare samanknytt

– Det stimulerer til auka sykkelbruk, avstand Leirvik-Sagvåg minkar monaleg

– Kortare avstand til ny Nysæter Ungdomsskule frå Almås og framtidig utbygging i Almåsskogen. Gir tryggare og kortare skuleveg!

– Tilgjengeleggjer store område for fleire brukarar, utan bruk av bil

– Knyter Sagvåg og Litlabø til Landåsen, og Leirvik til Almåsskogen

– God verknad for førebyggjande folkehelsearbeid

– Aukar miljøvennleg transport med (el) sykkel

– Mangedoblar rundløypemoglegheitane, der ein går/joggar/syklar på sti, turveg eller gang/sykkelsti heile vegen.

– Universell utforming vil gje alle mogelegheit til å nytte seg av løypene

– Mogeleggjer framtidig utvikling og utviding av turveg- og stinettet rundt Storavatnet

Investeringane er tenkt dekka med midlar frå kommune og fylke, klimasatsmidlar, tippemidlar og støtte frå næringsliv og innbyggjarar. Dette vil me få til etter at kommuneøkonomien igjen er på fote, i perioden 2021/22 og utover. Detaljert plan må inn i planverket, men det ligg allereie føre som forslag i kommuneplan og vassbruksplan.

Vedlagt bilete viser turvegbruer (raude piler) og nye/oppgraderte turvegar (kvite piler). Det er viktig å merke seg at trase ikkje er bestemt, det er berre samanknytingane som er teikna inn.

Løypene må i størst mogeleg grad leggjast slik at vegen blir universelt utforma, og inngrepa blir minst mogeleg. Tiltaket slik det er tenkt vil gje svært liten, om noko, negativ effekt på eksisterande nabolag og grunneigarar. Me trur på positiv mottaking av eit framifrå tiltak med stor positiv vinst!

Per Audun Halleraker,
Stord Høgre

Camilla Elen Berg Larsen,
Stord Venstre

Marte-Cecilie Tveita Djuvsland,
Stord Frp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut