annonse

«Autopass-lureri»

Føler seg lurt
Føler seg lurt: Rolf-Atle Rolfsnes får ikkje tak i Ferde, og vurderer å gje opp kampen for dei 2.000 kronene han har til gode. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Dersom eg hugsar rett, vart det for fleire månader sidan endring i innkrevjing av bompengar for Bømlopakken, frå førehandsbetaling til fakturering i etterkant. Det vart òg lova at alle kundar skulle få tilbakebetalt den saldoen dei hadde etter gamal ordning.

Eg har ved fleire høve prøvd å få kontakt med Ferde via kontaktskjema frå nettsida. Første meldinga mi vart sendt før nyttår, og eg har også prøvd eit par gonger seinare utan at dei svarer på mine spørsmål. 7. mai kontakta eg Ferde på telefon, og kom inn i ein kø der eg valte å bli oppringt når det vart min tur. Etter vel 30 minutt fekk eg endeleg oppringing og fekk bestilt nye autopassbrikker som kan erstatte dei gamle med dårlege batteri. Eg formidla òg at eg ønskjer utbetalt saldoen min. Saldo vart sletta frå «Min side» med ein gong, men eg kan enno ikkje sjå at eg har fått pengar på konto.

Dersom alle kundar må ringja for å få utbetalt det Ferde skuldar, syns eg det er ein ufin måte å lura pengar frå folk på. Om ein i tillegg må ringja fleire gonger og skriva lesarinnlegg før noko skjer, så blir i alle fall eg litt oppgitt og irritert. Det kan vel heller ikkje vera tilfredsstillande for Ferde å få mange telefonar og meldingar frå misfornøgde kundar.

Eg har òg snakka med andre som har pengar til gode, og som no får tilsendt inkassovarsel på passeringar til Bømlo utan å ha fått vanleg faktura først. Etter mi meining har Ferde ein del å ordna opp i, og det vel ikkje nødvendig å senda ut nye rekningar når ein har over 2.000 kr til gode?

Eg vurderer å gje opp kampen for saldoen min på ca. 2.000 kr, og det er kanskje det Ferde håpar på, men tenkte eg ville skriva ut litt av frustrasjonen min først.

Dei nye autopass-brikkene har me i alle fall fått.

Rolf-Atle Rolfsnes,
Fitjar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut