annonse

Avfallsanlegg i Sagvåg

Massiv motstand
Massiv motstand: Motstanden mot biogassanlegg i Sagvåg har ikkje stilna etter at det vart endra frå Seglneset til Grunnavågen. Her er Rune Jørgensen i samtale med Jan Kåre Pedersen på det første informasjonsmøtet om planane, i byrjinga av mars. (Foto: Magne Kydland)

Det har i noko tid vore tale om å plassera eit avfallsanlegg for produksjon av biogass i Sagvåg, først på Seglneset og no sist på Kiskaien.

  • Meiningar

Desse planane har vist stor interesse i Sagvåg, og deretter også stor motstand. Eit av problema så langt er at me manglar innsyn i ein prosjektplan, både me og truleg også politikarane. Me har til ein viss grad organisert oss og sende 12.03.18, frå «Innbyggjarinitiativet i Sagvåg», eit brev til Stord kommune og Fylkesmannen i Hordaland. Dette galdt lokalisering på Seglneset. No føreligg endra planar, ei lokalisering på Kiskaien, lengre ut i Sagvåg, men framleis vendt inn mot bygda. Dei same problemstillingane gjeld her, men kanskje i endå større grad, då fleire bustadfelt no vert råka. Me gjentek hovudinnvendingane våre frå dette brevet:

(……………………………………………..)

Av dei orienteringar som er haldne går det fram at ein no planlegg ei heilt anna verksemd på dette området, eit prosessanlegg for handsaming av avfall. Detaljar kring dette er ikkje dokumentert gjennom søknad. Men ei slik type verksemd som presentert, er godt kjend frå andre stader i landet. Hovudingrediensen inn er sjølvdaud fisk frå oppdrettsanlegg, fiskeslam frå smoltanlegg og grisemøk. Dette er vel blant det mest luktsterke avfallet som finst her lokalt. Og denne lukta opptek folket i Sagvåg sterkt. Hovudingrediensen ut er metangass og biologisk restmasse til landbruket. Sagvåg har ingen sentral posisjon i dette, innmaterialet må stort sett importerast frå andre kommunar, og det finst avgrensa marknad for restavfall lokalt. Selskapet har ikkje opplyst omfanget av produksjonen, anna enn at dei tek sikte på ein energiproduksjon på knapt 20 GWh pr. år.

Problem med avfall, men også potensialet i avfall til energiproduksjon, er på dagsorden politisk som aldri før, jmfr. bl.a. Stortingsmelding 45 (2016-2017), som passerte Stortinget i juni 2017, og som var gjennom ei høyring i Stortinget i januar i år. Etter dette har bl.a. leiar i Kommunenes sentralforbund (KS) Gunn Marit Helgesen teke til orde for at kommunane skal ta ansvar for alt avfall. Det er då produksjon av biogass og bruk av denne som står høgt på prioriteringa. Ser ein til Rogaland så kan eit stort biogassanlegg der forsyna heile den fylkeskommunale bussflåten med drivstoff. Det same er på trappene i Hordaland.

Dette er oppsida i problemområdet. Det andre er ulempene ved sjølve produksjonen, og ved dei biprodukt som oppstår.

Også oppsitjarane i Sagvåg er med på å løysa felles problem, men dei er ikkje oppsette på å sitja att åleine med ulempene med desse løysingane.

(………………………………………..)

Som naboar og innbyggjarar i Sagvåg legg me ikkje skjul på at me er svært kritiske til desse planane. Men det vidare arbeidet må no koma inn i kontrollerte former. Dersom opplysingane våre er rette er me også kritiske til at kommunen ikkje har sett dette på dagsorden i aktuelle fora, då ein i 1-1,5 år har kjent til slike planar.

Me trur at med avfallsmeldinga, som bl.a. fører til at ein ikkje kan brenna våtorganiskavfall, og andre tiltak, må kommunane tenkja nytt kring avfallshandtering. Sist dette var på den regionale dagsorden samla ein seg om å etablera SIM, som ein stort sett må kunna seia har vore ein suksess. Dette er no om lag 25 år sidan. Det bør no liggja godt til rette for nye regionale løysingar, og då blir Sagvåg eit sidespor. Å ta i bruk ei tilfeldig ledig tomt til eit slikt føremål utan meir overordna planlegging høyrer ikkje heime i 2018.

Sunnhordland naturgass har synt ei innovativ evne og har fått tilsegn på om lag 39 mill. kr frå Enova til sitt prosjekt. Deira tekniske løysing ser spanande ut, men å starta eit prøveprosjekt inn mot eit driftsopplegg i hjarta av ei bygd med 4–5000 innbyggjarar er eit sjansespel. La Sunnhordland naturgass få spela ei rolle i det vidare arbeidet med avfallshandtering og biogassproduksjon saman bl.a. med SIM som har god erfaring med regionale logistiske løysingar. Me ser også at dette kan ha potensial innanfor avfallshandsaming, produksjon av biogass, produksjon av ulike biprodukt og kanskje på utvikling av produksjonsutstyr. Bl.a. difor er Seglneset eit altfor lite og sårbart område.

Det må no utarbeidast ein reguleringsplan i medhald av plan – og bygningslova. Til grunn for denne må det føreliggja ein søknad frå selskapet som syner kva aktivitet som er planlagd, og løysinga for denne. Kommunen har planmynde når det gjeld reguleringsplan.

Men det er Fylkesmannen som gjev konsesjon til eit slikt anlegg i medhald av forureiningslova, og med ei sakshandsaming som er relativt detaljert nedfelt i denne lova.

Når ein søknad føreligg er det altså to parallelle plansaker/løyve i to ulike instansar og etter to ulike lover. Men desse to prosessane vil hengja i hop og påverka kvarandre. Det er difor viktig at desse prosessane går parallelt, og med naudsynt samhandling. Me ber kommunen syta for dette.

Me ser fram til ein open og konstruktiv prosess kring denne saka som har svært stor interesse i Sagvåg. Men også vidare då heile regionen skal takast i bruk, etter det me skjønar.

(…………………………………………)

Fylkesmannen har respondert på brevet, kommunen har ikkje.

Me hadde naturlegvis vona at kommunen ville bringa dette prosjektet inn i vanlege planleggings- og forvaltingsrutinar. Så har ikkje skjedd. No har kommunen, etter framlegg frå ein interessent, forhandla fram ein plan/avtale, som omhandlar to eigedomar, og stilt til disposisjon om lag 25 mill. kr som delfinansiering til prosjektet. Dette er gjort utan at me kan sjå at det føreligg ein søknad/prosjekt frå interessenten, og utan forsvarleg kommunal sakshandsaming av tiltaket. Tiltaket krev handsaming etter plan- og bygningslova (konsekvensanalyse og omregulering) og forureiningslova.

Dette har ført til at det no ligg ein avtale til handsaming/vedtak i formannskap og kommunestyre om økonomiske disposisjonar og finansiering av tiltaket.

Det står i saka til formannskapet ingenting om prosjektet/problem/tiltak/avbøtande tiltak i ei sak som har miljømessige konsekvensar for fleire tusen innbyggjarar i kommunen.

Dersom kommunen no gjer vedtak i føreliggjande sak er det ein illusjon å tru at det vert ei balansert vurdering etter ovannemnde lover, når ein ser kommuneleiinga si framferd så langt. Dvs. at etter alle solemerke har då kommunen allereie godkjent etablering og lokalisering av avfallsanlegg/biogassanlegg på Kiskaien utan areal- og miljømessige vurderingar. Og dette i ei sak som går under miljøparaplyen i kommunen!

Kommunen kan ikkje vedta å gå inn for eit slikt prosjekt med potensielt negative miljøulemper på reint finansielt grunnlag!

Etter at kommunen for mange år sidan vedtok strategiske tankar kring biogass har dei hatt god tid til å vurdera areal og plassering av slike anlegg. No kastar ein seg over eit tilfeldig initiativ utan andre vurderingar enn dei selskapsøkonomiske. Dette minner lite om ansvarleg miljøpolitikk. Miljøet for 20-25% av kommunens innbyggjarar må også tilleggjast vekt, her er dette ikkje eingong del av vurderingsgrunnlaget!

Her må politikarane ta til vit og gjera eit ansvarleg vedtak etter ei skikkeleg sakshandsaming.

UTSET DENNE SAKA INNTIL DET FØRELIGG EI ORDENTLEG FAGLEG VURDERING, verda går ikkje under om Kiskaien får liggja i fred inntil vidare! Tvert om vil dette gjera miljøet tryggare.

Også dette brevet gjekk til Stord kommune og til Fylkesmannen i Hordaland, onsdag 9. mai.

«Innbyggjarinitiativet i Sagvåg»

Rune Jørgensen
Bjarte Hetlelid

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut