annonse

«Bevar krinsskulane slik dei er i dag»

KAMP
KAMP: Engasjementet for å bevara krinsskulane på Fitjar er stort. I dag er det møte i kommunestyret. (Foto: OLAV RØLI)

  • Meiningar

Det er flott å sjå og høyra engasjementet mot nedleggingsplanane i krinsane det gjeld, men og frå folk i Rimbareidkrinsen.

Me forstår at politikarane har utfordringar og veit at dei jobbar for å finna løysingar, men ser dei alle dei negative følgjene nedlegging/ reduksjon vil få?

Det er ikkje tvil om at det er elevane som er taparane, og det er ikkje berre dei frå grendeskulane. Det er ikkje slik mange i Rimbareidkrinsen trur, at skulen i sentrum vil få økonomisk vekst dersom grendeskulane forsvinn/vert redusert. Forholda på Rimbareid vert vanskelege med fleire elevar i klassane, reduksjon av lærarar og lite uteareal.

Dåfjorden har lenge hatt ei positiv trend med tilflytting. Dåfjorden Slipp gjer det godt og har store planar dei første åra. Planarbeidet med nye byggjeområde i krinsen er komme i gang.

Det er feil når folk i administrasjon og politikken seier at det har lite betydning om det er skule i krinsane eller ikkje.

Dersom Selevik skule vert lagt ned eller redusert vil dette gje store negative følgjer for krinsen og for Fitjar kommune. I dag er det vekst, tilflytting og positiv trend i næringslivet.

Me håpar politikarane i H og Ap ser realitetane i dette, eller er dei villige til å bygga ned denne viktige krinsen og dermed resten av kommunen?

Mange i Dåfjorden har tidlegare opplevd vanskelege kampar for å behalda skulen. Her har vore målretta og hardt arbeid med å byggja vassverk og byggjefelt for å gjera bygda attraktiv. Dette har gitt gode resultat i form av stor tilflytting. Som nemnt tidlegare er framtidsretta planar på gang innan næringsliv og utbygging. Dersom ein viktig grunnpilar i bygda vert redusert, ser me at både grunnlag og engasjement kan forsvinna. Dette vil gje tap på mange felt for heile kommunen.

Vår bøn og håp til politikarane er: Bevar krinsskulane slik dei består i dag.

Jan Oddvard Mongstad

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut