annonse

Biogassanlegg i Grunnavågen

Sagvåg
Grunnavågen: «Skal ei heil bygd måtta plagast med dårleg lukt på grunn av at ein vil prøva byggja eit luktfritt biogassanlegg, som ein endå ikkje har greidd andre stader?», skriv Harald Olsen. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN / ARKIV)

Eg sit på altanen min ein fin kveld. Eg ser ut på sjøen, med Siggjo i bakgrunnen. Eg kan og sjå gamle Kiskaien. Der hugsar eg det låg kisbåtar då eg var ung, skriv Harald Olsen.

  • Meiningar

Eg synest eg er heldig som har budd her i 60 år. I kveld finn eg ikkje heilt roen. Eg tenkjer på kvifor vil Stord kommune kjøpa Seglneset for 17 millionar frå Sunnhordland Naturgass AS? Det var jo til sals for 9 millionar, for nokre månader sidan. Merkeleg.

Eg har og lese at Sunnhordland Naturgass A/S vil byggja biogassanlegg på Kiskaien. Eg kan no ikkje skjønna at det er noko eigna plass. Det er jo godt eigna for å laga ein større kai der, men å ha eit biogassanlegg der, det skjønnar eg ikkje. Området er og regulert til kai. Eg har og lese at fleire av politikarane våre synest at området ved Kiskaien eignar seg godt til biogassanlegg. Kanskje det er på tide, at våre politikarar får litt opplæring i kva eit biogassanlegg er, og kva det inneber å plassera det i nærleiken til tettbebyggelse? Kanskje det var ein god ide å visa dei desse såkalla luktfrie biogassanlegga?

Eg ser at i dette biogassanlegget skal ein bruka husdyrgjødsel og avfall frå oppdrettsanlegg. Kor får ein det ifrå? Kanskje ein brøkdel frå nærområdet. Men det må nok køyrast i store trailerar frå Jæren det meste. Og med den vegslitasjen og all avgassen dei sleppe ut, så er det vel vanskeleg å sei at det blir grøn energi av det. Eg lurer no og på korleis trafikken frå E39 og til Grunnavågen blir, med ein 8–10 store trailerar kvar dag.

Eg ser at leiar i Sunnhordland Naturgass AS seier at det er eit lukka anlegg, og ikkje snakk om luktproblematikk. Det må vera når ein koplar seg av og på, seier Jan Kåre Pedersen.

Så det blir altså litt lukt mange gonger pr.dag. Eg ser og at direktøren i det norske selskapet Antec A/S, som skal byggia biogassanlegget, seier at den einaste gongen det kan vera snakk om lukt er når ein fyller husdyrgjødsel i anlegget gjennom tippesjakta. So det blir altså litt lukt då og.

Eg lurer no veldig på kvifor nokon av våre politikarar på liv og død vil plassera eit biogassanlegg i nærleiken til tettbebyggelse. Kva med folk i sagvågen om det ikkje blir luktfritt? Skal ei heil bygd måtta plagast med dårleg lukt på grunn av at ein vil prøva byggja eit luktfritt biogassanlegg, som ein endå ikkje har greidd andre stader?

Harald Olsen,
Sagvåg

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut