annonse

«Bjelland spelar falskt - igjen»

Debatt
Debatt: Marte Tveita Djuvsland meiner at Ap «nærast kan gå over lik for å sverte ein ordførar». Her ser me den nye sjukeheimen på Stord. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Stord Frp har sjølvsagd aldri meint at Sp eller andre politiske parti har trudd det var 48 nye sjukeheimsplassar. Men mange velgarar har trudd at det kjem 48 nye plassar på sjukeheimen, og at dei vil føre til ein betydeleg forbetring i kapasiteten umiddelbart. Dette biletet har koalisjona sjølvsagd ikkje gjort så mykje for å nyansere. I økonomiplana ligg det 5 ekstra plassar i året, det forheld me oss til. Me forheld oss også til årsrapporten for 2018 som seier «Det er planlagt ei gradvis innfasing av plassane med fem plassar kvart år». Når det gjeld ventelista, var den på 15 personar per 31.12.2018, dette er informasjon frå den same årsrapporten.

Eg fekk noko ny informasjon i etterkant av RHO-møte torsdag 31. august, men situasjona er ikkje vesentleg endra. Varaordførar Bjelland bør difor tru det han les. Slik eg forstår det som kom fram i etterkant av komitemøtet torsdag er netto auke i plassar framleis 5. Dei ti nye plassane Bjelland snakkar om inkluderer 5 plassar på Fitjar som flyttast til Stord. Netto auke av å fjerne 5 plassar på Fitjar og legge dei til Stord er 0 nye plassar. 8 plassar flyttast frå rehabsenteret. Netto auke er 0. 5 nye plassar fasast inn, netto auke er 5. Bjelland kan altså ikkje rekne - og om det er slik at eg tek feil så tar det framleis 8 år å fase inn alle plassane. At Stord Frp ikkje har ambisjonar for eldreomsorga er sjølvsagd berre tull. Statleg finansiering er nettopp for å kunne yte eit betre tilbod enn i dag, med openbare svikt i systemet. Ventelister og folk som ikkje får den tenesta dei treng når dei treng det.

Så er eg eigentleg ikkje overraska over at Bjelland viser til Os. Det er tydeleg at også ordførar Epland synes dette er stas, jfr uttalingar på Facebook. Sjølvsagd skal ein ta på alvor situasjona på Os. Eg tør likevel minne om at Os kommune no driv alle tenestene i kommunal regi. I tillegg er situasjona meir nyansert enn det Bjelland gjer uttrykk for, men me treng ikkje gå inn i detaljar. Det er også oppsiktsvekkande at Magne Rommetveit for eit par dagar sidan skreik opp om at det har tatt regjeringa nokre månadar å rive ein bomstasjon på Halsnøy - og anklager dei for å drive valkamp. Samstundes har Arbeidarpartiet og fagforeiningane på Os etter eige utsagn visst om utfordringane på sjukeheimen minst sidan i fjor, men ikkje gått til media før 2-3 veker før lokalvalet. Kva seier det om Ap? Jo, at dei nærast kan gå over lik for å sverte ein ordførar, truleg ordføraren med best resultat i Noreg.

Eg trur velgarane ser tvers gjennom dette spelet. Tar du eldreomsorg på alvor må du stemme Frp.

Marte Tveita Djuvsland,
2. kandidat for Stord Frp

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut