annonse

Blir straffa for folketalsauke

I grenseland
I grenseland: Fitjar er tett på magiske 3.200 innbyggjarar. (Foto: Marius Knutsen)

  • Leiar

Så får me berre håpa at den nye rådmannen ikkje startar med å gjera jobben litt verre for seg sjølv, ved at ho blir innbyggjarar nummer 3.200 når ho flyttar hit. Dette uttalte Arne Prestbø (H) då kommunestyret i Fitjar tilsette ny rådmann onsdag. Når kommunen når det magiske talet på 3.200 innbyggjarar, vil nemleg overføringane frå staten bli redusert monaleg. Det vil føra til store økonomiske utfordringar for ein kommune som alt slit med å få endane til å møtast.

Det er ikkje meir enn fire år sidan ordførar Wenche Tislevoll troppa opp med blomar og gåvesjekk til innbyggjar nummer tre tusen i Fitjar. Dette var ein mile-påle som var vel verdt å feira. Sidan den gongen har innbyggjartalet gradvis auka, og Fitjar er den kommunen i Sunnhordland, ved sida av Sveio, som aukar mest prosentvis. Ved utgangen av september budde det 3.194 personar i Fitjar. Dersom utviklinga held fram i same takten, vil talet bikka 3.200 innan årsskiftet. Det er dei to mest folkerike kommunane i Sunnhordland, Kvinnherad og Stord, som for tida er dei som slit med å halda folketalet oppe.

Eigentleg er heile saka nokså ironisk: Små kommunar, som Tysnes og Fitjar, har i mange år jobba hardt for å få opp folketalet, etter fleire år med nedgang. No ser dei ut til å ha lukkast. Fitjar og Tysnes er attraktive kommunar å bu i, og fleire flyttar til enn frå. Då blir det for dumt at ein skal bli straffa av staten, i det ein kjem over eit innbyggjartal sett av nokre byråkratar i hovudstaden. Attraktive kommunar med tilflytting burde heller fått økonomisk påskjønning frå Staten.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut