annonse

Boikott av Black Friday

Ingen svart fredag
Ingen svart fredag: Kristi Yttredal Moe støttar Gunnar Irgens i å seia nei til Black Friday-hysteriet. (Foto: Anita Haugland / arkiv)

  • Meiningar

Gunnar Irgens er verd all ros og honnør for at han tar eit oppgjer med den såkalla «Black Friday». Det er eit ufyseleg kjøpehysteri me er vitne til, både det me får sjå på TV og i butikkane her i vår vesle by, og det i eitt av verdas rikaste land. Visst likar me alle å gjera rimelege kjøp, men det er det opphausande, «innpiskande» ved Black Friday som gjer det motbydeleg for meg og eg trur mange med meg. Tenk om handelsstanden i Stord til neste år boikotta hysteridagen.

Les også: Kundane tok av på Heiane under Black Friday

Gunnar Irgens er også særs flink til å gjera det triveleg for oss å handla i sentrum. Sjå berre utanfor butikken hans året rundt, og ikkje minst no før jul. Han har mykje fint å by på inne i butikken og, og det gjer han då ved å ha det han kallar «positive dagar» når andre vel svart(e) dag(ar). Det er så bra!

Kristi Yttredal Moe

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut