annonse

«Bompengar og anna galskap»

Bom
Bom: Dersom dei pengane vegbrukarane betalar inn til staten, vert brukt på vegar, ville det ikkje vere problem å utvikle eit trygt og godt vegnett i heile landet, skriv Rikard Solheim. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Det er nesten utruleg, men likevel sant: Samferdslepolitikken i Norge er i høg grad basert på mytar, som stort sett er produsert i Samferdsledepartementet og underliggjande etatar. Ei av desse mytane er at det er staten som finansierer utbygging og vedlikehald av vegane våre. Dei fleste politikarane ser ut til å tru at det er slik.

Men sanninga er ei heilt anna. I fleire tiår er det vegbrukarane sjølve som har betalt alle vegkostnader, og mykje meir enn det. Dette har skjedd gjennom avgifter på drivstoff og køyretøy.

Staten har ikkje informert om kor enorme inntekter dette har gitt. Men ein organisasjon som heiter «Opplysningsrådet for Veitrafikken», lagar kvart år oversikter som vert publisert i rapporten «Vei og samfunn». Av denne går det fram at i perioden 2000 – 2017 har staten i snitt brukt 17 milliardar kroner årleg til investering og vedlikehald av vegane. I same perioden har vegbrukarane betalt 42 milliardar avgiftskroner per år inn til Staten. I desse åra har staten såleis hatt eit årleg overskot på vegane på 25 milliardar kroner!

På den bakgrunn er det nesten utruleg at politikarar stadig er ute i media og påstår at vi må ha bompengar for å kunne utvikle eit godt og sikkert vegnett. Desse påstandane har verka, for vegbrukarane må no også betale stadig høgare bompengar, 10 milliardar kroner i 2018. Sjølv om dette er lite i forhold til statsavgiftene, er bompengane likevel blitt dropen som har fått det til å renne over for vegbrukarane. Truleg fordi bompengane er meir synlege.

Bompengeopprøret spreier seg i alle delar av landet. Vegbrukarane er rasande. Dei protesterer mot ein politikk som dei opplever som grovt urettferdig, og som handsamar vegbrukarane på ein heilt annan måte enn det som elles er vanleg i Norge.

Det vanlege er at for «harde» offentlege tenester (det vil seie alle tenester utanom utdanning, helse og omsorg), er det brukarane sjølve som betalar tenestene. Dette prinsippet er valt fordi det er mest rettferdig, og fordi det gjev mest effektiv ressursbruk.

Då er det merkeleg at det er stikk motsette «prinsipp» som gjeld i samferdslesektoren:

Der har vi på den eine sida banebrukarane, som i alle år har betalt berre ein liten brøkdel av kostnadane sjølve. Det såkalla «Intercityprosjektet», eit system av raske tog rundt Oslo, er det siste utslag av denne politikken. Det spesielle med dette prosjektet er at det både er ekstremt dyrt, vil koste om lag 200 milliardar kroner, og det vil produsere svært lite transport; det vil stå for berre om lag 2 promille av persontransporten i landet. Dermed må staten ause ut fleire hundre tusen kroner årleg i subsidiar til kvar pendlar med desse toga! Det er galskap, men «Oslomakta» er stor brukar, og støttar subsidiane og galskapen. Det liknar til forveksling på korrupsjon.

Og så har vi vegane, som følgje SSB har 95 prosent av persontrafikken i Norge. Det er såleis vegane som er det store fellesgodet for folk flest i heile landet! Men vegbrukarane får ikkje subsidiar. Medrekna bompengane, vert dei tvert imot tvinga til å betale om lag tre gonger så mykje som det vegane kostar. Ikkje rart at dei gjer opprør.

Bompengeopprøret har gitt dei store partia panikk. Over heile landet ser vi at dei ser seg om etter andre finansieringsmåtar. Problemet deira er at dei ser ut til å vere uvitande om den faktiske finansieringsmåten i dag.

Vi er på veg til å få eit sorteringssamfunn i landet. Spesielt i samferdslepolitikken. Medan banebrukarane får enorme subsidiar, vert vegbrukarane handsama som «nyttig idiotar» og tvinga til å betale skyhøge og usosiale statsskattar. Denne meiningslause uretten kjem aldri fram i samferdsledebatten. Dette er dobbelt udemokratisk: først fordi politikken auser ut subsidiar til eit lite og velståande mindretal på kostnad av det store fleirtalet i landet, og dernest fordi det skjer i det skjulte.

Meiningar: «Skjersholmane vs. Jektavik»

Eg håpar at der er politikarar «der ute» som er såpass modige og rettskafne at dei vågar å gå inn på dei realitetane eg har peika på her. For det er på tide at desse fakta kjem fram i den offentlege debatten. Eg syns det er ein skandale at styresmaktene ikkje har sytt for dette for lenge sidan. I dag har vi ein «liksom-debatt» om samferdsle. Ein «debatt» på falskt grunnlag.

Dersom dei pengane vegbrukarane betalar inn til staten, vert brukt på vegar, ville det ikkje vere problem å utvikle eit trygt og godt vegnett i heile landet. Og det utan bompengar! Då ville vi også kunne kvitte oss med statusen som landet med Europas dårlegaste vegstandard.

Rikard Solheim,
siv.ing., Fyllingsdalen

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut