annonse

«Bompengar til lobbyverksemd»

Kritisk
Kritisk: Jan Hevrøy. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

  • Meiningar

Hordfastgeneral Øyvind Halleraker ynskjer å få lagt inn bompengar på diverse ferjestrekningar. Dette for å få inn pengar, 5 milliardar, til lobbyselskapet sitt.

Han ser no at det trengst meir midlar for å overtyda politikarane om prosjektet, som den vanlege innbyggjar allereie har innsett at er urealistisk. Han vil òg senda brev til kommunane med oppfordring om å teikna aksjar i selskapet. Det håpar eg dei seier nei takk til. Å investera i Halleraker sitt selskap, vil få Terra-skandalen til å verka som eit gullegg.

Sjå til Rogaland. Der har dei no gått på ein smell med ca. 5 milliardar i eit samferdsleprosjekt. Utrekna av Vegvesenet. Kor stor vil smellen verta på brua over Bjørnefjorden?

Så til alle som slit med dårlege karakterar i matte: Ikkje fortvil. Du er kvalifisert til ein jobb i Vegvesenet, eller Staten, med utrekning avstore byggjeprosjekt.

Jan Hevrøy

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut