annonse

Bompengesjokk i Bømlopakken

Stor auke
Stor auke: No må også elbilane betala i Bømlopakken, og takstauken kan bli nokså formidabel, opp mot heile 176 prosent, ifølgje Per H. Bjordal sine utrekningar. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

  • Meiningar

Frå 1. februar blir det stor auke i Bømlopakken, dette p.g.a. at 50 prosentrabatten og timesregelen går vekk.

Tidligere har eg betalt kr. 40 pr. passering og gratis retur under ein time. No får me kun 20 prosent rabatt og må alltid betala returen. Då hjelper det lite at fullpris er satt ned frå kr. 80 til kr. 69. Dei fleste som kjører litt til Bømlo har sjølvsagt inngått bompengeavtale og betaler halv pris. Eg må då betala kr. 55,20 pr. passering, ein auke på 38 prosent. Begge veier blir kr. 110,40 mot no kr. 40 hvis eg er under ein time, ein takstauke på 176 prosent.

For tyngre kjøretøy er det enda verre, dei får ingen rabatt, og må no betala kr.164.

Dette har Samferdseldepartementet styrt av framskrittspartiet bestemt. Frp påstår overfor opinionen at dei er imot bompenger, men her auker dei bompengene med opptil 176 prosent.

Bømlopakken burde aldri vore godkjent av myndighetene med ein bomstasjon ut av Bømlo. No må besøkende og pendlarane betala mesteparten, 80 prosent av bømlingane betaler lite og ingenting. På ferja i sør betaler dei også et lite bidrag.

Per H Bjordal,
Fitjar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut