annonse

Bonden som vigselsmann

Borgarleg vigsling
Borgarleg vigsling: Så no kan det bli bonden, elektrikaren, læraren, bilmekanikaren, fiskaren eller «ho i kjøtdisjen» brudeparet vil møta, alt etter kven som har fått våre røyster ved kommunevalet, skriv sokneprest Roald Drønen, som ikkje er redd for auka konkurranse. (Foto: Lars Slettebø / teikning)

  • Meiningar

Frå 1. januar neste år er det slutt på borgarleg vigsel hos sorenskrivaren, stod det å lesa i Sunnhordland for ikkje så lenge sidan. Dette er ikkje nytt for oss som jobbar i kyrkja. No er det kommunen og dei folkevalde som tek over for dei som vel borgarleg vigsel. Ordførar og varaordførar får automatisk vigselsrett. Men så langt eg veit kan kommunestyret utnemna andre politikarar og tilsette på kommunehuset til å gjera den høgtidelege «jobben» med å smi par i hymens lenkjer. Det blir spanande å sjå kven som får tilbodet og kven som takkar ja til å leia denne flotte seremonien med dei velkjente spørsmåla til brudeparet.

Nokre lurer kanskje på om me prestar ser på dette som konkurranse. Nei, sjølvsagt ikkje. Me er glade for alle som formaliserer forholdet sitt. Det er både nyttig og viktig for samfunnet å vita kven som høyrer i lag. «Sertifisering» er viktig på dette området også.

Eg har stått ved altaret mange hundre gongar og sett brudepar koma inn kyrkjegolvet til levande orgelbrus. (No for tida er det mest vanleg å sjå ein far saman med dotter si). Det er slett ikkje uvanleg å sjå både mødrer og andre løfta ein finger opp til auga for å tørka bort ei tåre eller to frå augnekroken. Det er ei alvorsfull og spesiell stund. Eg veit sjølvsagt ingenting om korleis kjenslene vil verta når ein kjem skridande inn i salen i rådhuset eller eit anna rom.

Me prestar er ganske nøytralt kledde ved slike høve i den forstand at me tek på oss ei drakt (les: kjole). Aldri har eg høyrt nokon seia: «Går han i den same kjolen i dag og? Han gjekk jo med den same i heile fjor, ja, året før også!» Difor har eg alltid set pris på at det finst ei drakt som me nyttar.

Det å ha ei drakt på seg som er lik for oss prestar, gjer at eg ikkje berre er meg sjølv. Eg står i ein tradisjon og er representant for kyrkja og har ei helsing frå Gud. Ja, når eg legg handa på hovudet til dei nygifte, som kneler på altarringen og bed for paret og heimen deira, kjenner eg meg på ein måte i Guds stad. På same måten som når eg løftar hendene og lyser Guds velsigning over alle i kyrkja. Ein kan kjenna seg både liten og audmjuk i slike tilfelle.

Det kan sjølvsagt verta like «nøytralt» når dette skjer i rådhuset eller eit anna eigna rom for inngåing av borgarleg vigslar. No veit ikkje eg om dei som får eller vil ta på seg slike oppdrag vil bera ei særskilt drakt. Det er vel lite truleg. Men det finst mange fine dressar og ditto elegante kjolar. At seremonien vert leia av ein av bygda sine kvinner eller menn er i alle fall sikkert, sidan det vil vera ein folkevalt. Så no kan det bli bonden, elektrikaren, læraren, bilmekanikaren, fiskaren eller «ho i kjøtdisjen» brudeparet vil møta, alt etter kven som har fått våre røyster ved kommunevalet. Det kan jo bli eit heilt nytt moment når listene for dei ulike partia skal setjast opp for det lokale valet om to år.

Godt val!

Roald Drønen,
sokneprest

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut