annonse

Brua og naturen

Skeptiske
Skeptiske: – Me håpar at kommunen tar seg tid til ein nøktern gjennomgang av dei utrekningane som blir presentert i propagandaavisa, t.d. reisetid og trafikkprognosar, skriv Ivar Vaage og Lars Amund Vaage (biletet), og viser til informasjonsavisa som vart sendt ut til alle husstandar i Sunnhordland for eit par veker sidan. (Foto: Anders Totland / arkiv)

  • Meiningar

Øsinga og semja synest vera stor rundt å byggja bru over Husnesfjorden, og ein kvir seg for å koma med motførestillingar. Informasjonsavisa som blei delt ut i postkassane for ei tid sidan er jo eigentleg eit propagandaskriv for bru. Ulemper og argument imot glimrar med sitt fråvær. Me må ha lov til å venta, ved eit så stort prosjekt – naturinngrep og milliardutgifter, at vurderingane av prosjektet er heilskaplege, at ein ser fleire sider ved saka, men det ser ikkje ut til å vera tilfelle.

Ordet «natur» finst ikkje i avisa, og heller ikkje i rapporten frå Norconsult, med eitt unnatak, Gaute Lund seier i sin artikkel at ein i prosjektet er «varsam med naturinngrepa» og at ein «tek omsyn til natur». Dette styrkjer inntrykket av at naturen er taparen her. Sunnfast vil, så vidt me kan skjøna, innebera enorme naturinngrep, men ein finn det ikkje verdt å drøfta, eller ein bagatelliserer.

Me som skriv dette er part i saka. Det er ei noko spesiell kjensle å sjå på kartet i avisa, følgja den raude streken og sjå at vegen kjem like ved våre hus og hytter og gjer somme av dei forringa eller verdlause. Større uro kjenner me ved at streken går tvers gjennom Vågsmarka, skogen på garden me kjem ifrå, og vil vera til hinder for vidare skogbruk.

Me går gjerne med på at stundom må private interesser vika for eit større samfunnsgode. Dette gjeld sjølvsagt også oss. Men så finst det også fleire argument i saka enn dei som til no har kome fram, argument som vedkjem alle, både oss som lever no og komande generasjonar.

Av eit kart i avisa går det fram at vegen fram til brua skal gå frå Podlen, gjennom Sundsmarka, Vågsmarka og Bjellandsneset. Ein slik trase kjem til å øydeleggja Sundsmarka, eit mykje nytta friområde, og ta bort noko av gleda ved å gå på Åsen, eit særs populært turmål.

Det ser ut til å vera tenkt rundkøyringar både på Grønstøl og i Våge, begge stader vil truleg bustader og kulturlandskap gå med eller ta skade. I Åskesvikjo (ikkje Åsgardsvika som det står i informasjonsavisa) vil vegen gå over dyrka mark, for så truleg å føra til øydelegging av den idylliske Bjellandstjødno og området utover Bjellandsneset ved Grunnevikjo og Krabbahopen, og vegen vil koma nær Storarøyso, ei gravrøys frå bronsealderen. Den heilt unike stemninga ved gravrøysa, med stille, gammal furuskog, strand og fjord vil nok bli borte.

Også Bjellandsneset er eit mykje brukt turområde, og er utmark for Bjellands-gardane, med beite og skog. Til saman er Bjellandsneset og Åskes- vikjo eit spesielt og særs vakkert område. Det er ikkje så mange store skogsområde langs fjordane våre. Initiativtakarane vil byggja bru for framtida. Ein kan snu på det og hevda at det kan vera klokt å ta vare på natur for framtida.

Det største naturinngrepet er sjølve brua over fjorden. Vil me at fjorden skal liggja der som han er, eller vil me stengja utsynet med ein strek rett over? Det er ikkje sikkert at turistar vil ha større glede av å gå gjennom Laukhammarsund (som Håkon Røstbø er inne på) enn dei vil ha over å få sjå fjorden i sitt velde, slik han er no. Fjordlandskapet er trass alt eit landskap som folk kjem frå heile verda for å oppleva. Det er natur dei kjem for å sjå. Det er ikkje sikkert at eit inngrep som det her er tale om, vil gagna reiselivet.

Åskesvikjo, med Krabbahopen og Grunnevikjo, er mellom dei mest populære utfartsområda i ytre luten, på linje med Kolsøyo og Løkjelsøyo. Desse naturperlene kan ein nå både med båt og til fots, og Krabbahopen er såleis mykje besøkt både sommar og vinter. Vika og fjorden utanfor, med Åskesholmen, er frå gammalt av rekna som særs gode fiskeplassar. Her er det mange som dorgar etter makrell om sommaren, eller fiskar med garn og ruser vinterstid. Kva blir igjen av badeidyll og fiskeplassar når trafikken dundrar tvers gjennom området?

Det pågår for tida ein prosess med å vedta ein marin vernesone i fjorden der brua skal gå over. Bakgrunnen er eit spesielt rikt marint plante- og dyreliv nede i sjøen, m.a. sjeldne korallrev. Fylkesmannen i Hordaland har tilrådd vernesona, og saka er no til handsaming i miljødirektoratet. I eit faktaark frå fylkesmannen heiter det m.a. :»Naturen i Hardanger er eit nasjonalt ikon. Vakrare stad finst knapt under fruktbløminga, mens fjellformasjonane som omkransar fjorden er spektakulære uansett årstid. Likevel veit ikkje mange at den undersjøiske naturen, som dei færraste av oss får sjå med eigne auge, kan opplevast som endå meir fantastisk, og artsmangfaldet på dette kystavsnittet er spesielt stort». Ei bru vil vera klart i strid med verneforskriftene for eit eventuelt verneområde. Og sjølv om det ikkje skulle bli noko marint vern, vil det etter vårt syn vera heilt meiningslaust med eit så stort inngrep i ein så vakker og spesiell natur.

I argumentasjonen for bru er det mange tal for trafikkauke, samfunnsnytte, o.l. Ved andre store vegprosjekt, t.d. E 39, reiser no samfunnsøkonomar tvil om at lønsemda er så god som styresmaktene vil ha det til. Me håpar at kommunen tar seg tid til ein nøktern gjennomgang av dei utrekningane som blir presentert i propagandaavisa, t.d. reisetid og trafikkprognosar. Kostnaden med prosjektet er enorm i kroner og øre, 5,3, milliardar, og storparten er tenkt finansiert med bompengar. Me spår at kostnaden kjem til å auka. Til sjuande og sist blir det vel kommunen som står ansvarleg for eventuell kostnadssprekk eller svikt på inntektssida.

Men naturen let seg ikkje talfesta. Naturdiskusjonen blir av eit anna slag. Kor viktig er naturen? Kor sterkt skal tanken om naturvern stå? Dette er ein verdidiskusjon. Kor vakker er Åskesvikjo? Er venleiken verdfull? Kva samfunnsnytte har han? Kor fager er fjorden? Det finst ikkje tal. Men respekten for og kjærleiken til landskapet er viktige moment i ein større samanheng enn samferdsle og velstand.

Lars Amund Vaage,
Ivar Vaage
,
Sunde

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut