annonse

«Brukryssing av Langenuen»

Kritisk
Kritisk: Jan Hevrøy. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)
Skeptisk
Skeptisk: Jan Hevrøy er ikkje imponert over Øyvind Halleraker (t.h.), politikarar og Statens vegvesen når det gjeld planlegging av Hordfast, og kryssing av Langenuen. Her frå frukostmøtet sist torsdag. Til venstre sit styreleiar i Hordfast, Lars Solberg. (Foto: Anders Totland)

I eit frukostmøte med Stord Næringsråd, oppmoda Hordfast-general Øyvind Halleraker kommunane i Sunnhordland å droppa kravet om sørleg kryssing av Langenuen.

  • Meiningar

Sjølvsagt meiner han det. Kryssing av Langenuen er ikkje meint for sunnhordlendingar. Kryssing av Langenuen er for at nokre i Vegvesenet og slike som Halleraker, skal få eit monument over seg sjølv, med gjennomføring av gigantflytebrua over Bjørnefjorden. For med ei midtre eller nordleg kryssing, vil ein gjer det svært mykje vanskelegare å få til ein indre trase. Då vil ein verta «tvinga» til å gå for draumeprosjektet, som er flytebru over Bjørnefjorden.

Kryssing av Bjørnefjorden med flytebru er omtrent lika tosse som å leggja ei bru inst i ein fjord. (Hardangerbrua). Men kva gjer ein ikkje for at pampane skal få kortast mogeleg veg te hytta.

– Sparar to milliardar på midre kryssing, seier Halleraker. Dei to millionane sparar ein fort inn om ein sløyfer flytebru, og går for indre trasé.

Brua over Langenuen skal, i tillegg til å vera ein del av Hordfast, og vera med på å bitta saman Sunnhordland. Men det har ein ikkje evne til å sjå hos Vegvesenet. Dei ser ikkje lenger enn til enden av kontorpulten sin. Ved sørleg kryssing kan og Kvinnherad få nytte av dette gigantprosjektet. Men som ei av Vegvesenet sine representantar sa på eit folkemøte: «Det låg ikkje inne i bestillinga». Skulle nesten tru dei brukte kvit stav og hund, dei som jobba der.

Frukostmøte om Hordfast: – Dropp omkampen

Skeptisk
Skeptisk: Jan Hevrøy er ikkje imponert over Øyvind Halleraker (t.h.), politikarar og Statens vegvesen når det gjeld planlegging av Hordfast, og kryssing av Langenuen. Her frå frukostmøtet sist torsdag. Til venstre sit styreleiar i Hordfast, Lars Solberg. Foto: Anders Totland

Med kryssing av Bjørnefjorden, vil ein få all trafikk, stort og smått, inn i Bergen sentrum. Via Danmarksplass. Og er det noko Danmarksplass og Bergen sentrum ikkje treng meir av, så er det biltrafikk. Kor vil dei leda trafikken når skodda og eksosen ligg så tett at ein må redusera trafikken der? På smale Hardangervegar?

Tenk framover. Legg kryssinga av Langenuen lengst sør. Då er mogelegheita for indre trase ikkje stengt, når ein ser a flytebruprosjektet ikkje er gjennomførbart. Og om dei hadde hatt evna til å sjå heilskapen. Å sjå fleire prosjekt inn i andre. Ein indre trase, kombinert med bru over Hardangerfjorden v/ Jondal. Med ein arm frå Bergen til E134 over Haukeli. Det hadde vore å sett fram i tida, det.

Det er dessutan skremmande å lesa haldninga til diverse politikarar, med ordføraren i spissen. Der legg dei seg på rygg, og indirekte seier at dei godtek midtre alternativ. Det viser dårleg haldning, og mangel på ryggrad. Og ikkje minst, total mangel på respekt ovanfor dei som har valt dei inn.

Så kjære Sunnhordlendingar! Den omkampen må me ta. Om det so vert både omkamp, ekstraomgangar og straffespark.

Jan Hevrøy,
sunnhordlending

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut