annonse

Busstilbod til Litlabø

Svarar
Svarar: Camilla Lundberg Berntzen svarar på kritikken frå innbyggjaren Ragnhild Stuve tidlegare denne veka. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Svar på lesarbrev i avisa Sunnhordland 20. mai.

Takk for engasjement som gjeld busstilbodet til Litlabø. Kollektivtilbodet kan ha stor innverknad på kvardagen til den einskilde, og det er både forståeleg og bra at folk er engasjerte i utviklinga av tilbodet. Skyss arbeider for å gje eit best mogeleg kollektivtilbod til flest mogeleg av innbyggjarane i Hordaland, innanfor våre økonomiske rammer. Kollektivtrafikken fyller ulike funksjonar i ulike område.

I byområde og tettbygde strøk tar kollektivtrafikken unna store reisestraumar og er ein viktig faktor knytt til arealeffektivitet og miljøbelasting. I område der folk ikkje bur like tett, skal kollektivtrafikken primært sørgje for eit rimeleg nivå av mobilitet for innbyggjarane, slik at dei til dømes kjem seg til skule.

Basert på passasjergrunnlaget vart linjenettet endra i 2017. Tilbodet over Sagvåg vart då styrkt, medan rutetilbodet over Litlabø vart noko redusert. Vi tar med oss ønskje om ny tur over Litlabø til Leirvik i komande ruteendringsprosessar.

Camilla Lundberg Berntzen,
pressekontakt i Skyss

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut