annonse

Caffè latte og olje

Kritikk
Kritikk: Høyrer dei ikkje kor glasrutene singlar? Eig dei ikkje skammavit? spør Magne Misje ordførarkandidat Øyvind Kyvik, Høgre og Frp. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

  • Meiningar

Høgre og Frp er i harnisk etter at landsmøtet i Arbeidarpartiet vedtok å ikkje konsekvensutgreia Lofoten-Vesterålen og Senja. Her er noko av det regjeringsmedlemmer og stortingsrepresentantar har greidd å uttala: Siv Jensen: Eit svik. Bernt Høie: eit direkte angrep på LOs medlemmer. Kjell-Børge Freiberg: Svikter 170.000 tilsette i oljenæringa ved ikke å opne for oljeleting i desse områdene. Liv Hofstad Helleland: Dersom næringspolitikk var en bedrift, ville Arbeiderpartiet gått konkurs. Øyvind Kyvik, ordførarkandidat for Stord Høgre, prøver på sin måte å bera ved til bålet, han òg. Han snakkar om kaffe latteparti, kva no det må vera, og spør om kva det neste vert som skal råka norsk industri.

Kva står det så i regjeringsplattforma som alle desse styrer etter og har sett sin signatur under? Jo, følgjande: «Regjeringen vil ikke åpne for petroleumsvirksomhet, eller konsekvensutrede i henhold til petroleumsloven i havområdene utenfor Lofoten, Vesterålen oog Senja i perioden 2017-2021.»

Erna Solberg har fleire gonger uttalt at hennar mål er å samarbeida i regjering med Krf og Venstre også etter 2021. Korleis ser Kyvik for seg at ei regjering under Solberg skal vedta konsekvensutgreiing av desse områda? Det har frå 2013 fram til landsmøtevedtaket i Arbeidarpartiet i april 2019 vore fleirtal i Stortinget om konsekvensutgreiing. Kvifor har ikkje Høgre og Frp i regjering fremma forslag om det? Fordi det har vore viktigare for Høgre og Erna Solberg å sitja i regjering enn å ta omsyn til dei 170.000 tilsette i oljenæringa, slik Freiberg formulerer seg.

Skal vi følgja hans logikk, og logikken til Kyvik, Jensen, Helleland, Røe Isaksen og Høie, går høgreregjeringa på arbeid og sviktar og begår svik mot oljenæringa og dei tilsette kvar dag i regjering.

Høyrer dei ikkje kor glasrutene singlar? Eig dei ikkje skammavit?

Kyvik er ute og inviterer skuffa LO-medlemmer og Ap-veljarar om å koma til Høgre.

Eg håpar dei har avslørt det falske spelet til Høgre og Frp og viser ei kald skulder til denne klamme omfavninga frå Kyvik og Høgre.

Magne Misje,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut