annonse

«Da kjeme seg på Vikjo» – eit innspel til yoga-debatten

Yoga
Yoga: Ingunn Hagen er professor, psykolog, medieforskar, yoga- og meditasjonsutøvar. Ho meiner at yoga ikkje trugar vår tru eller verdiar, om dei er kristne eller ikkje. Biletet er frå yogafestivalen på Stord nyleg. (Foto: Anita Haugland)

Eg fekk nyleg ei oppfordring om å komme på banen i den pågåande yogadebatten i Sunnhordland. Nokon meinte at det er synd om denne debatten skal bli for prega av fundamentalistisk angst mot yoga, når nyare forsking viser at yoga og mindfulness kan ha positive psykologiske gevinstar.

  • Meiningar

Det blir òg feil om lesarane i Sunnhordland skal sitja igjen med eit inntrykk av at dette dreier seg om ein religionskamp. Eg set pris på takhøgda for debatt i avisa, men oppfattar at nokre av innlegga spreier desinformasjon.

Under overskrifta «Yoga er hinduisme og hinduisme er yoga» argumenterer forfattar og tidlegare lektor Eivind Gjerde med tilsynelatande innsikt i yoga og hinduisme sterkt for at yoga eigentleg er ei snikinnføring av hinduisme (Sunnhordland, 14.2.2018). Artikkelen er gjenbruk av ein artikkel Gjerde har publisert i anna samanheng (ekstern lenke). For meg fell denne argumentasjonen på sin eigen urimeligheit. Sjølvsagt er yoga og meditasjon utvikla i nært samspel med hinduisme og også med buddhisme, men teknikkane kan praktiserast fråkopla frå opphavet. I vesten formidlar mange menneske og organisasjonar desse praksisane og filosofien knytt til dei, men fokuserer då på yoga og meditasjon som teknikkar for personleg vekst og stresshandtering. Organisasjonen Acem til dømes, der underteikna først fekk innføring i både meditasjon og yoga, har i over 50 år gjort eit stort arbeid for å formidla meditasjon og yoga forankra i psykologi og helsevitskap (Acem.no).

I artikkelen siterer Eivind Gjerde underteikna og innlemmar meg i kategorien velmeinande vaksne som meiner at yoga kan vera redninga for barn og unge som slit med stressproblem. Ja, det meiner eg faktisk! Dei siste åra har eg sett meg grundig inn i forskingslitteraturen på yoga, og også på korleis yoga fungerer for barn og unge. Forsking tyder på at yoga og mindfulness (ein variant av meditasjon) kan bidra svært positivt til barn og unge si mentale helse. Dei får høve til å kjenna etter kva som skjer i eigen kropp og eige sinn. Yoga verkar inn på det autonome (sjølvstyrte) nervesystemet. Det blir lettare å gå frå sympatisk (kamp- og fluktmodus) til parasympatisk (avslappa) modus. Mindfulness gjer at sinnet fell meir til ro og at ein ikkje blir så prega av eit tankekaos, og fungerer dermed som motvekt til stimulansen frå digitale media, og også multi-tasking som mange driv med i kvardagen. Yoga fremjar også evne til emosjonsregulering. Mange barn og unge opplever difor at yoga- og mindfulness gir dei meir ro, både fysisk og psykisk. Dermed blir det lettare både å fokusera og å læra, noko som kan komma til nytte i skulen. Når eg argumenterer for å få yoga inn i skulen, er det også fordi ein då når alle barn. Yoga appellerer kanskje ikkje alle, men eg meiner at dei fleste barn og unge vil kunna ha glede og nytte av å prøva yoga- og mindfulnessøvingar. Eg viser til artikkelen underteikna skreiv saman med ein kollega (sjå nedunder), for dei som vil gå djupare inn i argumentasjonen.

Sjølv har eg praktisert yoga og også meditasjon i over 35 år, i periodar dagleg. Interessa mi for yoga og meditasjon er påverka av korleis eg sjølv har opplevd at det fungerer. I dei seinare åra har eg også blitt interessert i yoga og mindfulness som samfunnsfenomen; ut ifrå den veksande interesse for desse fenomena og teknikkane blant menneske i heile verda. Dette er noko som gjer ein forskar nysgjerrig. For tida er eg på forskingstermin i Santa Barbara, California, der interessa for desse teknikkane er kjempestor. Sjølv deltar eg på kurs om både yoga og mindfulness her, med ein svært dyktig lærar som tilfeldigvis også er jødisk. I 2016 var det 36 millionar amerikanarar som praktiserte yoga, og interessa er veksande. Det er også ei veksande interesse for forsking på yoga. Sjølv er eg med på eit EU (ERASMUS+)-finansiert forskingsprosjekt med tittelen «HIPPOCAMPUS – Promoting Mental Health and Wellbeing among Young People through Yoga», saman med forskarar frå Storbritannia, Spania, Belgia og Italia.

Underteikna er utflytta Stordabu. Difor les eg bladet Sunnhordland med ujamne mellomrom, som når eg vitjar Stord eller når familie og venner gjer meg oppmerksam på særleg leseverdige artiklar. Til dømes blei eg nyleg gjort oppmerksam på ein reportasje i Sunnhordland om ein yogafestival som blei arrangert på Stord. Under tittelen «Oppdaga festivalen på Instagram» skriv Sunnhordland (12.2.2018) om Stords første yogafestival. Festivalen var ikkje så godt besøkt, men det var trass alt første gong den blei arrangert. Då eg søkte vidare i avisarkivet til Sunnhordland fann eg også eit tidlegare oppslag (9.1.2018) der ei smilande Edna Reyes Malaki som driv yogastudio på Vikjo fortalde at målet hennar med den då planlagde yogafestivalen var «å spreia yoga-glede på øya». «Da kjeme seg på Vikjo», tenkte eg då eg leste oppslaget. Dette brukte å vera far min sitt utsegn når han skulle oppsummera kva som sto på trykk i Sunnhordland.

Eg var allereie blitt gjort merksam på yogadebatten i Sunnhordland. Kanskje var den inspirert av oppslaget om den planlagde yogafestivalen? Eg viser til eit utval av debatten. I innlegget «Yoga, kroppsøving eller religion?» (17.1.2018) uttalar pastor Jens Thoresen seg svært kritisk til yoga som han oppfattar som ein trussel mot kristendommen: «Eg er redd yoga bringer folk i kontakt med heidenske åndskrefter som fører dei bort frå Kristus». I innlegget «Yoga og kristendom» (19.1) kjem tilsvar frå Hildegunn Gravdal, som bur i Ascot, England. Ho karakteriserer innlegget til Thoresen som «tull og tøys», og viser til eigne yoga-erfaringar og til England der forholdet mellom kristendom og yoga er mindre problematisk. Så følgjer innlegget «Yoga – eit mangfaldig fenomen» (Reidun Heradstveit, Fitjar 24.1). Like etter har Sunnhordland òg eit stort portrettintervju med Jens Thoresen under overskrifta «Forkynnaren» (26.1). Same dag står «Yoga er ingen religion», skrive av yogalærar Jarle Langeland. Eit nytt debattinnlegg «Yoga og meditasjon til folket – kristne eller ikke» (29.1) er underteikna Jeshua J. Sirisau Skaale. Han inviterer mellom anna Jens Thoresen til ein yoga- og meditasjonstime. Debatten går altså mellom dei som er redde for yoga av påståtte religiøse grunnar, og dei som har gode erfaringar med yoga.

At det er større toleranse for yoga og mindfulness andre stader er det mange døme på; På «Inner peace»-konferansen i Amsterdam finn yoga og mindfulness-arrangementa stad i dei vakre katedralane i byen (sjå https://www.facebook.com/innerpeaceconference/). Sjølv skulle eg ønska at Thoresen og Gjerde prøver både yoga og meditasjon med eit ope sinn før dei ytrar seg vidare. Men det er like usannsynleg som at eg blir hindu av å praktisera yoga og meditasjon. I USA er ein særdeles oppteken av religionsfridom. I Encinitas, California gjekk (fundamentalistisk) kristne foreldre til retten for å stoppa yoga i den lokale offentlege skulen, til stor frustrasjon for andre foreldre og barn. Rettsvedtaket var klart: Undervisning om yoga dreier seg ikkje om religiøs indoktrinering (sjå http://www.latimes.com/local/lanow/la-me-ln-appeals-court-yoga-20150403-story.html). Kanskje Gjerde, Thoresen og jamvel andre vil lesa meir om dette caset? Personleg synest eg det hinduistiske og buddhistiske opphavet til yoga og meditasjon er kulturhistorisk spennande, liksom eg også er nysgjerrig på islam og på kristendom. For meg er det ikkje det at Me er i ferd med å få eit mangfaldig samfunn, også kulturelt og religiøst som skadar kristendom, men heller dei mest intolerante kristne. Mangfaldet ønsker eg velkommen, og yoga og meditasjon er komme for å bli. Det sprett opp yogasenter og yogafestivalar i heile Norge. La oss utforska desse fenomena, gjerne med eit kritisk blikk! Dei trugar ikkje vår tru eller verdiar, om dei er kristne eller ikkje. Yogafestival på Stord og debatt om yoga i Sunnhordland betyr at «da kjeme seg på Vikjo».

Ingunn Hagen,
professor, NTNU.
Psykolog, medieforskar, yoga- og meditasjonsutøvar
Oppvaksen på Vikjo

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut