annonse

«Dårleg luft = god læring?»

LEKKASJAR
LEKKASJAR: Vil du senda borna dine på ein slik skule? spør Emma Venaas i dette lesarbrevet. (Foto: INGVILD SIGLEN BERGER)

  • Meiningar

Her på Nysæter ungdomsskule sit me elevar i fem og ein halv time kvar dag inne i dårleg luft, muggsopp og klamt inneklima.

Alle klasseromma på skulen har for dårleg luft. Ventilasjonsanlegget vårt fungerer ikkje, noko som gjer at me må ha vindauga på vidt gap både om sommaren og om vinteren. Fleire sit med jakka på heile skuledagen og frys, men vindauga må stå opne. Mange slit og med hovudverk og konsentrasjonsproblem pga. den tunge lufta. I forfjor blei lufta i fleire klasserom målt og me fekk tilbakemelding om at luftverdiane var for dårlege til å halde undervisning her lovleg.

Det er no også funne mugg som og ligg i lufta og som me har pusta inn over lengre tid her på skulen og dette kan vera helsefarleg. Muggsoppen blei funne i medieteket og rommet måtte stengjast heilt av. Muggen, som vanlegvis berre kan sjåast med mikroskop, var vekse seg så stor at me kunne sjå store flekkar med sopp. Klasserommet vårt blei og stengt ei kort stund då det var mistanke om sopp her og. Me har no fått flytta tilbake i klasseromma etter at nokon som har greie på dette sa det ikkje var helsefarleg å ha undervisning her.

Men dei var aldri ein gong på besøk her for å måla lufta eller noko liknande. Ut ifrå bilete av medieteket sa dei at dette ikkje spreidde seg i lufta til klasserommet vårt. Men er det berre i medieteket det er mugg? Muggen er jo kommen av fukt. Fukta er kommen av at taket lekkjer. Visst taket lekkjer over heile bygget, er det ikkje då ekstremt usannsynleg at det berre kan vera sopp i eine veggen på medieteket? Er desse soppane farleg å puste inn?

Ved hovudinngangen og gangen til kunst og handverksrommet (K & H) har me sett ut bøtter for lekkasjane i taket. Vatnet renn altså rett inn. Det vil seie at det er nok ganske fuktig der og ... Ikkje nok med dette, men vatnet renn gjennom lysa i gangen. Altså her på Nysæter ungdomsskule har me lekkasje som renn gjennom elektrisitet, og dette går me forbi fleire gongar til dagen. På de dagane det regnar som mest renn vatnet og rett gjennom taket i K & H.

Taket på K & H rommet er og bøygd og ser ut som det kan falle saman når som helst. Ned frå dette taket kan ein og sjå spikrar som heng med spissane ned. Me, alle klassar på heile skulen, har altså to skuletimar i veka inne på eit rom med eit tak som kan falle ned på oss når som helst. Og ikkje nok med det, det heng og altså spikarspissar ned frå dette taket. Nysæter ungdomsskule er di verre blitt helsefarleg for elvane, lærarane og alle andre som kjem innom i løpet av ein dag.

Vil du senda borna dine på ein slik skule? Her det er fare for elektrosjokk, mugginfeksjon og bli most av eit tak fullt av spikarspissar? I beste tilfelle kjem du heim frå skulen like heil, berre med litt hovudverk.

Emma Venaas,
elev ved Nysæter ungdomsskule

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut