annonse

Demokrati og førebygging

Debatt
Debatt: Kari Yttredal. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

  • Meiningar

Demokrati og førebygging: Sterke og fine ord, men fungerer dei?

Er det slik at tilsette i barnehage kan gå ut offentleg og melda ifrå om for dårleg sikkerheit for borna på grunn av for lite tilsette?

Kan sjukepleiarar og hjelpepleiarar uttale seg om stress relatert til arbeidssituasjonen sin?

Kan tilsett på skulefritidsordningane be foreldre engasjere seg i betre turnusar, meir innhald og lågare prisar?

Kan lærarane sei meir ifrå om at dei treng fleire vaksne i klasserommet?

Alle som jobbar med menneske som sjølv ikkje er i stand til å uttale seg … er det på tide med eit lite varsku her!?

Dårleg bemanning fører til for lite tid til den enkelte. Det er vel lett å forstå.

Men forstår politikarane det? Kvifor har dei ikkje meir fokus på førebygging?

Har ikkje sjølve menneske ein verdi lengre?

Er me i ferd med å gløyma å ta fysisk vare på kvarandre?

Kari Yttredal

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut