annonse

«Den høgreiste» krympar

Kritisk
Kritisk: Er det kunst berre av di den som fekk oppdraget smykkar seg med tittelen kunstnar, eller er det slik at også denne yrkesgruppa kan mislukkast av og til? spør Håvard Hystad. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

Her gløymer rådmannen at Stord trass alt er ein by i vekst, og det er frå tid til annan er trong for ein større «festplass», skriv Håvard Hystad.

  • Meiningar

Etter drøftingar over eit par år, må det vera på sin plass å setja eit punktum for saka om kunstverket, eller installasjonen, «Den høgreiste mot havet» på Torget i Leirvik. Publikum har sagt sitt, dei ønskjer ikkje installasjonen velkommen. Det bør takast med når formannskap og kommunestyre skal ta endeleg standpunkt i saka. Det bør vera eit endeleg punktum, eit nei. Og så får heller utsmykkingskomiteen finna seg at dei har bomma på ei investering. Det bør ein kunna leva med.

Så kan ein sjølvsagt reisa spørsmålet om kva som er kunst eller ikkje? Er det kunst berre av di den som fekk oppdraget smykkar seg med tittelen kunstnar, eller er det slik at også denne yrkesgruppa kan mislukkast av og til? Når det er slik at eit kunstverk, eller installasjon, må forklarast med at det ikkje kan flyttast av di det er ei line mellom skraphaugen (for uansett om ein likar det eller ikkje, er det skrapjern) som vert plassert på torget vårt, og to glorete fortøyningspullertar som skal plasserast ute i flott natur, då melder eg meg av. Sjølv om eg likar kunst i alle former – i utgangspunktet. Men ikkje kunst med bruksrettleiing.

Kunstnaren skal sjølvsagt ha sitt, men når kostnaden no aukar med minst 340.000 kroner, og installasjonen har minka i vekt og høgd, er det grunnlag for å setja foten ned. I tillegg kjem kostnad med å utarbeida ny reguleringsplan. Og det å flytta på monumentet framfor Rådhuset, som eit mogeleg alternativ, må ikkje ein gong vurderast. Borggarden med sitt monument, og den flotte plassen for juletreet kvart, år bør ikkje endrast i overskodeleg framtid. I alle fall ikkje for å få plass til ein skraphaug. Og kostnaden ville auka formidabelt.

Les også: Har «slanka» bort 20 tonn

Når så rådmannen peikar på at det gjekk greitt å ha 17. mai og Handballfestivalen på Torget samstundes som teltet stod der, kan han ha rett i det, men det var berre på grunn av stor velvilje frå tilskiparar og deltakarar. Og hadde det ikkje vore for at kommunen skulle ha eigne arrangement i teltet hadde dei truleg ikkje fått lov til å setja det opp før etter Handballfestivalen, slik det har vore dei siste åra. Teltet gjorde det og så trongt på torget at barnehagebarn og skuleelevar i småklassane fekk lite glede av å sjå H.M. Kongens Garde, sjølv om dei fekk fri for å gå til torget for å få med seg denne storhendinga.

Her gløymer rådmannen at Stord trass alt er ein by i vekst, og det er frå tid til annan er trong for ein større «festplass». Denne bør vera i sentrum, og det bør vera ein fleksibel plass som kan gje rom for ulike aktivitetar gjennom året. Kanskje kan Torget verta ein meir dagleg samlingsplass etter kvart som dei nye storbygga kring hamna vert tekne i bruk? Enkle løysingar er ofte dei beste – utan at ein «krympar» plassen med unødvendige installasjonar.

Les også: Her leverer Øygun (91) inn underskriftene mot torgkunst

Rådmannen har truleg rett i at det pr. i dag ikkje ligg føre nokon endeleg plan for utbygging/utnytting av Torget. Men han må vita at det ligg ei rad gode planframlegg i kommunen sine arkiv. Ei samordning av nokre av desse kunne kanskje gje ein framtidsretta plan som kan gjennomførast innan rimeleg tid?

Håvard Hystad,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut