annonse

«Den kulturelle skulesekken og det falske Judas-evangeliet»

Kritisk
Kritisk: Judasevangeliet er eit eksempel på eit gammalt, men likevel uekte dokument, skriv Geir Martin Økland. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

Fake news er ikkje noko nytt. Vi kjenner til Holocaust-benekting og medianyhende basert på tomme rykte, skriv Geir Martin Økland.

  • Meiningar

Men det har også vore fake news lang tid tilbake i historia. Blant anna i tida etter Jesu liv, jobba dei forfølgde kristne med å avsløra kva som var fake news om Jesus.

Det var mange forteljingar om Jesu liv i omløp dei første hundre åra etter Kristus. Deriblant Thomas og Judasevangeliet, forutan dei vanlege evangelia, av Matteus, Markus, Johannes og Lukas. Dei kristne leiarane bestemte seg difor tidleg, om å setje opp nokre kriteria for kva skrifter som fekk vere med i Det nye testamentet. Dei kom fram til følgjande kriteria: Det måtte vere skrevet av Jesu apostlar, eller av ein nær medarbeidar. Det måtte vere allmenn kjent og brukt. Alderen måtte ikkje vere meir enn frå år 100 etter Kristus, det måtte vere den same Jesus.

Judasevangeliet er eit eksempel på eit gammalt, men likevel uekte dokument. Dette er eit gnostisk evangelium som på 180-tallet blant anna vart avvist av Ireneus. Dette på bakgrunn av at det var for ungt, og at han meinte det var kjettersk. Evangeliet vart heller ikkje rekna med som eit ekte evangelium av dei andre kristne leiarane. Det hadde ein annan Jesus, og i staden for å innehalde det kristne evangeliet, var det eit gnostisk skriv om ei skjult innsikt som ein kunne oppnå.

Nyleg hadde den kulturelle skulesekken (DKS) ei framsyning her i området med namn U-DUB, det inneheldt musikk, og surrealistisk film. Men ikkje berre det, I framsyninga vart dette gnostisk Judasevangeliet fremja som ei sann bibelhistorie for elevar. Dette er sjokkerande, då den kulturelle skulesekken vanlegvis kjem med flotte framsyningar som gjev mykje god læring, glede og inspirasjon til elevane.

Førestillinga byrja med at elevane vart bedt om å ha eit opne sinn for det som dei skulle få høyre. Så vart dei ført opp på scenen der det var tent stearinlys, og dei får vite at det var for å for å gjere opplevinga mest mogeleg til ei religiøs oppleving. Dei fekk deretter høyre korleis Judasevangeliet var oppdaga, og om innhaldet. Blant anna om at Judas var Jesu beste ven, at han angav Jesus på oppdrag for Jesus, og at han hadde ei innsikt som berre han av disiplane hadde oppnådd. Vidare at Judas skulle få ei leiande rolle på jorda i endetida, med meir. Judasevangeliet vart presentert som ein skjult siste «versjon» av evangeliet om Jesus, som vart gjenoppdaga. Då det gnostiske Judasevangeliet står i kontrast til bibelen sitt evangelium, vart det indirekte formidla påstanden om at bibelens evangelium ikkje er sanne. Resultatet vart at nokre av elevane trudde at både bibelen og Judasevangeliet var tull etter dette. Andre visste ikkje kva dei skulle tru. Mange av elevane byrja å tru at det var Judasevangeliet som var sant, etter at dei høyrde dette. Det er sjokkerande då Judasevangeliet er eit gamalt fake skriv.

Det finst tre gnostiske kyrkjer i Noreg, blant anna er det eit bispesete i Bergen. Så denne religionen er ikkje berre eit pust frå fortida, men ein aktiv religion. At slik forkynning vert formidla i den kulturelle skulesekken utan noko form for forklaring på kva som vart fremja, er langt under kva ein kan forventa frå DKS. Rektorane som får opplegg frå dei, reknar med at opplegget er kvalitetssikra, noko som gjer at ansvaret endå sterkare ligg hos DKS. Vi fekk nyleg brev om at vi måtte seie ifrå om vi ville la ungdomane våre gå på skulegudsteneste, men i forhold til denne gnostiske forkynninga fekk vi ikkje brev på førehand. Er det berre kristen forkynning ein kan søke fritak frå?

Eg tok i etterkant kontakt med Charlotte Espeland som er Fagkoordinator og Seniorrådgjevar ved Fylkeskommunen si Kultur- og idrettsavdelinga/Seksjon for kunst- og kulturformidling. Då eg vona at eit innspel kunne gjere at elevane i etterkant kunne fått ei grundig forklaring på skilnaden mellom Bibelens evangelium og det gnostiske Judasevangeliet. Og helst også at Den Kulturelle skulesekken kunne sett til at U-DUB ikkje heldt fram på same vis. Svaret på brevet mitt var: «Takk for dine betraktningar». Så eg reknar ikkje med at brevet mitt verka til noko etterspel. Det er vel blitt slik i dag at det berre er kristne framsyningar som vert stilt høge krav til. Forføring og forkynning av andre religionar er det andre krav til.

Geir Martin Økland,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut