annonse

Den norske dyreparken

Folk som dyr
Folk som dyr: Åshild Ulstrup skriv om den norske dyreparken. (Foto: Anita Haugland)

Kvifor er sunnmøringen så mykje meir frampå og drivande enn oss lenger syd? spurde eg ein gong forfattaren Johannes Heggland – som har skrive bok etter bok om kystkulturen vår.

  • Meiningar

Svaret sette ein støkk i meg: Dei driftigaste sunnmøringane er kanskje etterkomarar etter forviste sunnhordlendingar! sa han.

Hæ?

Ja – for hadde ein mann frå Sunnhordland forgripe seg på ei kvinne og gjort barn på henne, vart han som straff sendt av garde til Sunnmøre – mens kvinna måtte sona straffa si i botsfengselet i Bergen.

Det var svaret frå forfattaren.

Men kvifor sigla dei heilt til Sunnmøre med desse karane når dei kunne plasserast i Sogn? tenkte eg – og fekk denne gongen svar frå ein kar i ytre Sognefjorden: Jo, me har nok nokon av dei, me òg, sa han – men ikkje her hos oss!

Sjølv ville han aldri sendt dotter si til Indre Sogn: Dei fleste jentene som reiser dit, kjem gjerne tilbake med barn i magen.

Det er slike småting, kommenterte ein kar frå Bulandet. Men skulle han vera ærleg, såg han skilnaden: Dei inne i fjorden verkar meir inneslutta og sjølvgode, mens me er rolegare og deler meir med andre, sa han.

Ein annan fjording: Når dei innanfrå fjorden kjem hit, kallar me dei for krabbar, mens me er fjordagapar for dei.

Heggland meinte at det må ha vore ufred mellom bygdene våre alt frå mellomalderen – og fortalde om sitt eige naboskap: Folk på Reksteren kallar me for Reksterenkrabbar – mens dei kallar oss for Tysneskråker.

Ja, da kræla (kryp langsamt) for livet om da berre er ein kartabu, sa tysnesingen om grannefolket sitt på Karmøy.

Brått sat eg med ei samling der alle hadde sine utnamn på nabofolka som gjekk på dyrenamn – og som enda med ein times radio som eg kalla Den norske dyreparken. I årets debatt om samanslåing av kommunar og fylke – og krangel om namn, har desse dyra stadig dukka opp for meg.

– Listalusa er blitt eit begrep, sa kristiansandaren.

Det var så fattigsleg der ute – og slike kallenamn har lett for å setja seg fast, meinte han: Men de har nok en liten kjerne av sannhet også! Guttene på Flekkerøya kalla vi Flekkerøyhester og bymåker.

Og samlinga vaks:

Folka i Mauranger kallar me Maurangergeiter.

Heidøl og geit er det verste eg veit!

Nabofolka våre? Dei var Herands kukkelurar.

Folka på bygda innanfor oss, er kufjordingar.

I nabobygda vår levde kvamvær og kveps ...

Slektskapet vårt med dyra kjem også fram i kallenamn på både menn og kvinner. Dyr knyta til menn er m.a. okse, katt, hare, bukk, løve, hest, orm, slange, gris, hund, fe, svin, fisk, lyr og apekatt. Til kvinner finn me geit, rype, rotte, lus, høne, bikkje, tispe, røy, ugle, mus og merr.

Då eg fortalde frå denne samlinga til radioteknikaren min som var musikar, vart han mektig inspirert og komponerte Den norske kråkevalsen til programmet – som ikkje nett appellerte til samhandling.

Magasinet Mitt Sunnhordland: Åshild (83) er ikkje redd for å døy

Det minner meg om kva Knut Andersen – vår kjende filmskapar opplevde på den vesle plassen han hadde kjøpt inne i skogen. Han hadde alltid tenkt at naturen er for oss alle: skogen, vidda og strendene – berre kom! Men då han ein dag såg eit menneskje koma ruslande på stien mot hytta, tenkte han: Kva har du her å gjera – hald deg unna!

Han likte seg ikkje – og kjende seg igjen i det gamle Norge der me har budd over haug og hamrar langt ifrå kvarandre – og blitt skeptisk til alt framande. Difor, er eg blitt fortalt, ligg mange av gardane i dei store innlands-dalane våre høgt over lia med utsikt mot inntrengjaren. Og det skal ikkje mykje til:

– Me dansa aldri med dei nordom bekken! sa ei eldre kvinne som mintest ungdomen sin.

Og eg gløymer ikkje karen som kom ut frå ei lita stove i Trysil – like mørk i blikket som storskogen rundt seg: Når ein bur uti øydemarka, er det vanskeleg å tolerera andre folk! sa han og lukka døra bak seg.

Men slik er det vel i heile verda. Me tykkjer best om vårt eige – om det nå er folket eller landskapet rundt oss – som gjev kraft til historia vår og tankane. For meg skil dei store dalane seg ut. Det er her eg har møtt eventyret, legendene og sogene, ja – kulturarven vår.

Likevel – korleis ville det gå for ein sunnhordlending som meg – å vera gift med ein kar frå Hedmark – som har så tungt for ord – at han må venta til neste dag for å svara?

Og ville eg blitt verande med ein mann som måtte sjå slutten av setninga før han starta på den – slik gudbrandsdølen fortalde om seg sjølv?

I Telemark er det ein livsstil å seia minst mogeleg. Ja, ja – tenkte eg, men ikkje etter at eg fekk høyra at den finaste samtalen får du ved å teia.

Setesdølen står mitt hjarta nært i sine tonar og dikt, men ville eg halda ut med ein kar som er like vond å venda hugen på – som å få elva Otra til å renna til fjells igjen?

Likevel skulle det kanskje bli tyngst om eg gifte meg med naboen inst i Hardanger. Ein harding veit frå starten at han er betre enn andre, fekk eg høyra. Du som kjem frå Sunnhordland, ville nok ikkje bli akseptert før det hadde gått to-tre generasjonar!

Sams for alle desse dalane våre var skepsisen til alt som kjem utanfrå.

Då lettar det å koma til folket langs kysten som til alle tider har hatt kontakt med utomverda. Her kom framande sjømenn, kjøpmenn og innvandrarar. Lenge levde mange av fisket på sine småbruk. Fiskaren måtte tilpassa seg vêret – som kunne snu på sekundet. Slik har livet tvunge både sunnhordlendingen og nordlendingen til å ta sjansar. Her leitar ikkje folk etter orda, men snakkar rett fram – og får lett kontakt. Men færre langs kysten har huldra frå dei djupaste skogane med seg. Dei har hatt nok med dagen i dag.

I dag tidleg kom eg tilbake til Oslo frå eit møte i Litteraturhuset i Bergen i lag med ei venninne frå hovudstaden. Salen i Bergen var stappfull – og venninne mi vart heilt gripen av energien rundt oss – i dei opne og livlege samtalane – og det vennlege folket.

– Det er som å koma til eit framand land! sa ho – og tenkte på folket sitt i heimbyen austpå.

Men også her kan me hegna om vårt – som då det i si tid var snakk om å slå Bømlo kommune i lag med Fitjar. Ordføraren i Bømlo melde frå at han ikkje var interessert i å få alle originalane på Fitjar-øyane til kommunen sin. Då kvesste røysta til i ordføraren på Fitjar: Skulle eg bli ein bømling, har eg levd forgjeves.

Men det kunne vore verre.

Om me går lenger enn langt mot sør, har eg fått høyra at det bur eit folk som tidlegare laga seg gode måltid av framande inntrengjarar. Det kunne dei gjera med godt samvit – sidan dei hadde fått høyra at lenger enn langt mot nord, bur det eit folk som ikkje berre et sine fiendar, men til og med sine eigne born.

Åshild Ulstrup,
Valen/Oslo

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut