annonse

«Den såkalla «kunsten» på torget»

– Farlege
– Farlege: «Disse bjelkane er livsfarlege slik dei står i dag, med at dei er isglatte og fuktige for ungane å bruke som leikeplass», skriv Kjell Larsen. (Foto: Magne Kydland)

  • Meiningar

Dette meiner eg ikkje har noko kunst i seg, med nokon sovande H-bjelkar som har blitt måla.

Det at politikarane har vore med på og øydeleggja fleirbruksstaden torget, er nokså forteljande kva kvalitet me har på politikarane i kommunen. Hadde ein plassert disse bjelkane i nærleiken av industrimonumentet mellom Hagerupshuset og kommunehuset, kunne dette vore å tilnærma seg kvar disse stålbjelkane eigentleg blir brukt.

Disse bjelkane er livsfarlege slik dei står i dag, med at dei er isglatte og fuktige for ungane å bruke som leikeplass. Ein hadde aldri fått lov og fått lov å plassere noko så tullete i ein barnehage, dette hadde vore bannlyst som leikeutstyr. Eller hadde dette blitt plassert nede på området til Kværner, så hadde det blitt sett opp sperreband. Og då må ein kunne stille spørsmål ordførar, kor er HMS-en til kommunen?

Les også: Så var kunstverket offisielt opna

Sjølvsagt har foreldra og andre som lar barna leika på disse bjelkane ansvar, men det at kommunen har tilrettelagt offentleg noko så farleg for born, vil eg tru og meiner at kan få konsekvensar for kommunen.

Og då går spørsmålet til ordførar Gaute Epland: Når det vil skje ei alvorleg ulukke, som garantert vil skje på denne plassen, vil kommunen ha eit ansvar?

Eg vil tru at det vil vere mange foreldre og andre som har interesse for å få eit svar på dette, ordførar.

Sjølv om ordføraren har vanskar med å gje tilbakemeldingar på alle mine innspel, får ein håpa at han kan gje ei tilbakemelding på dette viktige spørsmålet til folket som ferdast på disse bjelkane.

Kjell Larsen,
Stord

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut