annonse

«Det betyr noko kven som styrer»

Ordførarkandidat
Ordførarkandidat: Øyvind Kyvik. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / arkiv)

  • Meiningar

Kommunen sitt budsjett er no vedteke og me har fasiten på kva verkemiddel dei ulike partia vil ta i bruk. Arbeidarpartiet, med ordførar Gaute Epland i spissen, legg skulda på regjeringa fordi dei kommunale overføringane ikkje er store nok. Har han rett? Lat oss sjå litt på Arbeidarpartiet sitt alternative statsbudsjett:

Arbeidarpartiet gjev med den eine handa og tek mykje inn att med den andre handa, når dei i sitt alternative statsbudsjett foreslår den største skatteauken sidan 2013. Dei reverserer kutt i selskapsskatten, noko NHO har åtvara mot. I tillegg aukar dei satsen i personskatten og aukar formuesskatten, noko som rammar norske arbeidsplassar. Arbeidarpartiet lover auka overføringar til kommunane og finansierer desse med urealistiske kutt -mellom anna ved å redusere bruken av konsulentar med 1,3 milliardar kroner. Eit slikt kutt vil gå ut over igangsette statlege og offentlege effektiviseringsprosjekt. I tillegg kuttar dei over 600 millionar kroner i ein egen «ymse»-pott, ein avsetning til f.eks. forhandlingar der staten er part og lønsoppgjeret i statleg sektor.

Med Høgre i regjering har kommunane fått ein føreseieleg og solid kommuneøkonomi. Med Arbeidarpartiets økonomiske opplegg blir det dyrare å jobba og dyrare å skape fleire jobbar. Dette vil kunne ha negative konsekvensar for inntektene til kommunane, og ikkje minst jobbane til folk. Så konklusjonen er at alt er ikkje så roseraudt som ordføraren vil ha det til, dersom det var Ap som styrte landet.

Stord Høgre meiner det må setjast i verk meir målretta effektivisering av den kommunale organiseringa. Med eit budsjett på 1.3 milliard kroner er det ikkje urealistisk å stille krav om å ei effektivisering på mellom ½ og 1 % av brutto driftsbudsjett. Heile organisasjonen må slutte opp om eit slikt arbeid. Dette som eit klart alternativ til å auke eigedomsskatten slik koalisjonen gjorde gjennom sitt budsjettvedtak.

Det som uroa Stord Høgre og meg mest er auken av eigedomsskatten, og at meir og meir går til drift. No går om lag ¾ av eigedomsskatten til drift av kommunen. Dette er stikk i strid med vedtaket som blei gjort av eit samla kommunestyre den 29.11.2012 som sa følgjande:

«Etter nedbetaling av akkumulert underskot skal inntekter frå eigedomsskatt gå til investeringar innanfor helse/omsorg og skule.»

Seinare har kommunestyret gjort vedtak om at om lag 11 % av eigedomsskatten kan brukast til verdibevarande vedlikehald og tilskot til lag og organisasjonar. Nå brukar me mellom 75–80 % av eigedomsskatten til drift.

Dette er, og kjem til å verta den største skilnaden på Høgre og Ap i framover. Me ynskjer å ha fokus på ein god og effektiv drift av kommunen. Ap sender rekninga til innbyggjarane gjennom auka eigedomsskatt og auka kommunale avgifter og forklarer det med manglande overføringar ifrå regjeringa. Stord Høgre sitt program for perioden 2019–2023 vil ha som mål å redusere bruken av eigedomsskatt til drift og sørgje for at me etablerer eit tak for årleg auke av dei kommunale avgifter. Samtidig så ynskjer eg å nytta høvet til å ynskje alle ei riktig god jul og godt nytt år!

Øyvind Kyvik,
ordførarkandidat Stord Høgre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut