annonse

«Det er ikkje retorikk næringslivet i Hordaland treng»

I vekst
I vekst: «Det gir rett og slett ikkje meining at Noreg har eit skrikande behov for ein ny næringspolitikk», skriv Torbjørn Røe Isaksen (H). Her frå tidlegare besøk på Stord. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

Norsk næringsliv går som det susar. Næring etter næring kan vise til rekordsterke tal. Det har ikkje vore lågare arbeidsløyse på ti år og eksporten veks i nesten alle fylke i landet. Det gir rett og slett ikkje meining at Noreg har eit skrikande behov for ein ny næringspolitikk.

Likevel har Arbeidarpartiet sitt mantra blitt at det er behov for ein meir aktiv næringspolitikk. For å illustrere behovet har Støre vist til havnæringane. Han kunne ikkje vald eit dårlegare eksempel.

Aldri har det vore betre kår for norske sjøfolk. Sjølv med ei krevjande tid for bransjen har talet på sjøfolk vore stabilt. Regjeringa har både styrkja og lovfesta nettolønsordninga. Tala syner at politikken verkar.

Aldri har det vore eksportert så mykje sjømat som no. Det sikrar viktige arbeidsplassar og levande lokalsamfunn langs heile kysten.

Aldri har vi hatt fleire grøne fartøy. Verdas første gassdrivne ferjer, verdas første batteridrivne ferje og verdas første elektriske røktarbåt for oppdrett er ikkje bygd i Japan eller Singapore. Dei er bygd i Tomrefjord, på Omastrand og i Grovfjord. Noreg er i tet på grøn skipsfart.

Det går godt i dei norske havnæringane, men det inneber ikkje at vi skal lene oss tilbake. Tvert imot. Difor har regjeringa sett som mål å halvera utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030. Det tvingar fram ny teknologi og gjer havnæringane til motoren i det grøne skiftet, samtidig som Noreg festar sin posisjon som havnasjon og skaper nye arbeidsplassar i heile landet.

Vi gjer det også mogeleg for næringslivet å investere i teknologiutvikling. Sidan 2013 har løyvingane til havrelatert forsking auka med 75 %. Det er ei styrking på over 2,2 milliardar kroner sidan 2013.

Havnæringa er i sterk vekst og er viktig for å trygge arbeidsplassar i bygd og by over heile landet. Regjeringa sitt mål er at Noreg skal halde på posisjonen som ein leiande havnasjon. Difor la vi denne veka også fram ein oppdatert havstrategi med politikk for å utvikle eksisterande havnæringar vidare og hjelpe fram nye.

I landsmøtetalen til Ap i 2018 lanserte Støre havrommet som eit satsingsområde for Ap. I landsmøtetalen i 2019 blei havnæringane derimot gløymd då Støre summerte dei seks vinnarnæringane som Noreg skulle satse på. Det tyder på at det er meir retorikk enn politikk i Ap sitt nye mantra.

Torbjørn Røe Isaksen (H),
næringsminister

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut