annonse

«Det er ikkje verd å ta sjansen»

Uroa
Uroa: Heile 87 prosent av innbyggjarane i Stord seier at dei er redde for å møte promillekøyrarar i trafikken, skriv SLT-koordinator Bjarte Epland. (Foto: Colourbox / illustrasjon)

Nær ni av ti innbyggjarar i Stord seier at dei er redde for å møte promillekøyrarar i trafikken. Altfor mange køyrer bil dagen etter julebordet.

  • Meiningar

Du set deg bak rattet dagen etter ein fest. Du drakk alkohol i går. Du merkar at du er trøytt og kanskje litt sløv, men du skal berre kjøpe nokre julegåver. Det går nok bra. Og det er jo fleire timar sidan du drakk.

Mange nordmenn har teke sjansen og køyrt bil dagen etter at dei drakk alkohol. Det er lett å forstå at det av og til kan verke både freistande og naudsynt å køyre bil, sjølv om kvelden før blei fuktig.

Likevel gjer dette oss både urolege og redde. Og vi er ikkje åleine: Heile 87 prosent av innbyggjarane i Stord seier at dei er redde for å møte promillekøyrarar i trafikken. Vi er på veg inn i ein av dei aller fuktigaste periodane i året. I desember skal vi verkeleg kose oss, og det er ekstra mange høve til å «ta seg eit glas»: Vi går på julebord, er på vennekveldar, har gode middagar eller koser oss litt ekstra heime i sofaen.

Det krev at vi alle tenkjer oss ekstra godt om når vi set oss bak rattet i desember: Når drakk eg alkohol sist? For du kan vere påverka langt lenger enn du sjølv føler eller trur. Ei kvinne på 70 kilo som drikk eit par glas vin og tre halvliterar øl frå klokka 19 og fram til midnatt, kan framleis ha promille klokka 12 neste dag.

Men når det er snakk om bil og promille, er det ingen gråsoner. Du må vere klin edru. Det er små marginar i trafikken. Er du uoppmerksam eit lite augneblikk, kan det koste nokon livet. Og sjølv låge nivå med promille kan påverke køyreevna og konsentrasjonen.

Endå viktigare er det at konsekvensane i trafikken kan vere katastrofalt store. Ein promillekøyrar risikerer ikkje berre sitt eige liv, men kan òg risikere livet til ei rekkje andre i trafikken og miljøet rundt.

Tal frå politiet viser at nesten 9800 sjåførar som køyrde i ruspåverka tilstand, blei melde i fjor. Det svarer til over 26 tilfelle kvar einaste dag. Og det er berre toppen av isfjellet: Transportøkonomisk institutt reknar med at det kvar einaste dag blir gjennomført heile 14 000 køyreturar i alkoholrus.

Sånn kan vi rett og slett ikkje ha det. Det gjekk kanskje bra sist gong du tok sjansen. Og det kan gå bra igjen. Men det er på ingen måte verdt å ta sjansen. Difor må du vere alkoholfri når du skal køyre, og bilfri når du skal drikke.

Elise Nyborg Eriksen,
fungerande generalsekretær i alkovitorganisasjonen AV-OG-TIL

Bjarte Straume Epland,
SLT-koordinator i Stord kommune

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut