annonse

Det er ingen skam å snu!

Kritisk
Kritisk: – Me snakkar faktisk om personar som kan trenga opp til eit par år for å bli trygge i nye omgjevnader, skriv Ingvill Hystad Kyvik, som minner politikarane om at det ikkje er noko skam å snu. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

  • Meiningar

I dag var eg tilhøyrar til debatten i RHO- komitèen der saka om avvikling av Vidsteentunet skulle avgjerast. Plassane ved Vidsteentunet skal overflyttast til Sæbø gard. Komiteen kom direkte frå synfaring av nybygget på Sæbø gard, og alle var storleg imponert over det dei hadde sett. Det er gledeleg at Sæbø gard har fått eit tenleg og tilrettelagt bygg til drifta si. Store deler av bygget er sponsa med innsamla midlar, og kommunen har også bidrege saman med eldsjeler for det unike tilbodet som er ved garden. Eg skjønar at ein blir imponert over eit slikt bygg som ligg på ein flott plass ved sjøen. Eg berre undrar meg over om bygningane er det som er viktigast når ein vurderer om eit tilbud er godt eller ei? Eg trur kanskje det i større grad er innhaldet i tilbudet, muligheter for individuell tilpasning og muligheter for å førebyggja til dømes utagering som avgjer om eit tilbod vert opplevd godt eller ikkje.

I saksgrunnlaget vart det vist til mange usikre faktorar som for eksempel kva konsekvensar ei slik fortetting vil føra til for brukarane, dei tilsette og pårørande. Som det sant nok vart sagt kan ein ikkje vita det før ein har prøvd... Problemet med denne brukargruppa er at det ikkje berre er å reversera vedtaket om det skulle visa seg å ikkje lukkast med fortetting. Me snakkar her om brukarar som treng lang tid på tilvenning; både til nytt hus og til ei ny gruppe. Me snakkar om brukarar som kan mangla ord for å uttrykkja seg og er avhengig av kompetente vaksne som kan tolka dei ordlause signala. Me snakkar ikkje om manglande endringsvilje som det vart sagt i komitèen, men manglande endringsevne. Me snakkar faktisk om personar som kan trenga opp til eit par år for å bli trygge i nye omgjevnader. Eg trur kanskje det kan vera vanskeleg å forstå kor store omkostningar ei slik endring kan ha for enkeltbrukarar, familiane og dagleglivet i bustadane for dei dette gjeld.

Representantar i komitèen viste til at leiarane for tenesta sa dei kunne gje eit fagleg forsvarleg tilbod sjølv om Vidsteentunet vart nedlagt – for dei burkarane dei kjenner til i dag. Det ligg til rollen som leiar å gjera som best ein kan ut frå dei rammene ein har til rådvelde. Eg ville vore svært overraska om dei sa noko anna. Om det legg til rette for fagleg utvikling, engasjerte og kreative tilsette vil eg tru er ei anna sak. I dagens samfunn vert det snakka mykje om individuell fridom til å ta val. Brukarane som har trong for dagtilbud i Stord kommune får med dette vedtaket ingen mulighet til å velgja noko som helst. Sæbø gard er ein strålande plass for dei brukarane som får hjelp til å ha meiningsfulle oppgåver på arbeidsplassen, og som har nytte og glede av desse oppgåvene. Kommunen har all grunn til å vera stolt over dette tilbudet. Men kva når tilbudet må endrast for å «fortetta» tilbudet på Sæbø? Dette får ikkje berre konsekvensar for dei frå Vidsteentunet som vert flytta, men også for dei som er på Sæbø gard i dag.

I kroner og ører vart det frå leiaren sagt ein vil spare 3- 400 000 i husleige som ein i dag betaler for lokaler til Hamna kontaktsenter. Ingen skal missa jobbane sine, og ein kan risikera å ganske raskt måtta bruka pengar på ytterlegare utviding og tilrettelegging på Sæbø gard. Er nedlegging av Vidsteentunet verdt risikoen? Det er ingen skam å snu!

Ps: Det vart vist til at innsparinga måtte takast frå ein annan stad i tilfelle. Eg vil difor føreslå å utsetja bygging av lekeplass i Borggarden til økonomien i kommunen har betra seg. Då er det 500 000 kroner spart for kommunen inneverande år.

Ingvill Hystad Kyvik,
mor til ein som vil trengja eit meiningsfullt dagtilbod om nokon år

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut