annonse

– Det er veldig kor redde folk har blitt

BLEI STENGT
BLEI STENGT: Det blei funne spor av asbest i den store salen i Kulturhuset denne veka. Det førte til at salen blei stengt for publikum. Dagen etter var faren over, og salen opna igjen. Arkiv (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

– Asbestplater i seg sjølv, er det null risiko med, meiner Gisle Tjong.

Det er veldig kor redde folk har blitt for asbest. Det er det ingen grunn til, ikkje verken på Hystad skule, eller i kinosalen på kulturhuset. Det skal uendeleg mykje meir til, om det skal vera noko som helst risiko.

Eg har jobba med asbest i tankskip på Kjøtteinen, det galdt det verste av heile jobben, nemleg oppryddning etter isolatorane, med alt det støvet det medførte. Mine lunger er nok fulle av asbestfibrar, det er det ingen som helst tvil om. Det gjeld til ein viss grad alle som var innom maskinrommet på båtane. Heldigvis røykar eg ikkje, for det mange-doblar risikoen for sjukdom i samband med asbest.

Eg vil sitera frå jubileumsboka frå 1994, 75 år på kjøtteinen, av Alf Terje Myklebust: Asbest var sett på som eit fenomenalt isolasjonsmateriale, og vart brukt flittig på Kjøtteinen. Spesielt til isolasjon i maskinromma på skipa. Svært mange av dei tilsette (isolatørane var frå leigefirmaet Teknisk Isolering, frå Danmark) på verftet vart eksponert for asbest (støv), men berre hos ein av dei, er det påvist asbestose. Det var i 1984, og ved å undersøkja yrkeskarrieren til vedkommande, viste det seg at han hadde vore i kontakt med asbest på verftet, tidleg i 50-åra. (Det var på fire kvalbåtar som vart bygde her).

Eksponeringa i maskinrommet var uendeleg mange gongar større enn det nokon hadde kunna risikera no, på Hystad skule, eller i kulturhuset, i og med at det er støvet (frå saging) som er farleg, ikkje asbestplatene i seg sjølv.

Dette hysteriet byrja alt i 1977. Då var eg med i ein gjeng som skulle byggja, og montera, branndørar for Tina-prosjektet, då det gamle tankskipet, Tina, som hadde løfta Statfjord A-dekket ut av dokken, skulle omgjerast til garderobe, kontor og matsal for arbeidarar ute i Digernessundet (cormorant(?) A)

Me nytta eternit-plater, som jo inneheld 10-15 prosent asbest. Det var ikkje snakk om støvutvikling i det heile. Likevel troppa hovudverneombodet, og verneombodet for snikkarane, opp, og kravde at me måtte på sjukehuset, for røntgen og pusteprøve. Dei fann sjølvsagt ingenting. Men så kan ein jo spørja om kor hovudverneombodet var, den gongen ein bygde tankskip. Der var det enormt med asbest i lufta i maskinromma. Me gjorde jo alt me kunne (isolatorane brydde seg aldri) for å fjerna mest mogleg asbest, snoggast råd, men 100% var i praksis umogleg. Og me som jobba med det, fekk jo vår mangedoble dose, mildt sagt.

Å utvikla asbestose, som kan føra til lungekreft, krev minst 5-10 års normal eksponering. Mi eksponering var mange gongar normal, men eg er her no endo, 41-47 år etter. Så folk treng absolutt ikkje vera nervøse, i og med at folk på Kjøtteinen, som var kraftig eksponerte gjennom mange år, har kome så heldig ifrå det.

Når det gjeld gubbetrimmen, kan eg jo opplysa om at asbestane tidlegast bryt ut etter 25-30 år. Og då etter langvarig kraftig eksponering, tusenvis av gongar kraftigare enn dei kunne i verste fall risikera, i og med at det ikkje altså er saging av asbest med medfølgjande støvproduksjon, det er snakk om. Asbestplater i seg sjølv, er det null risiko med.

Gisle Tjong

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.