annonse

«Det handlar ikkje om skulpturar»

Kristisk
Kristisk: Sigmund Kroka (biletet) er ikkje samd med Oscar Ingebrigtsen, som hadde lesarbrev om utvikling av Leirvik sentrum i avisa fredag 29. september. (Foto: Anita Haugland / arkiv)

  • Meiningar

«Står Leirvik i fare for å rotna på rot»? Dette er Oscar Ingebrigtsen sine ord i Sunnhordland 29. september.

Eg hadde ikkje tenkt å skriva meir om monumentet eller fortøyingspålar i Parken, men når Oscar gjer seg til betrevitar og påstår at det er berre han som har den rette sanning, då orkar eg ikkje å holda kjeft lenger.

Eg er ikkje samd med Oscar i at sentrum rotnar på rot, sjølv om det kan sjå slik ut. Men eg trur at no må handelsstanden i sentrum finna ut, kva er fellesnemnaren for å lukkast, og ein av dei er å dra lasset i lag. Utgifter til tak over Borggata, vil ein ha att med at fleire folk vandrar i sentrum, trur eg.

Eg var ein av dei som var med i styre for Venelaget for Parken frå starten av. Me jobba for ein naturgrøn park og det har me fått, men når Oscar som har vore ein naturvernar i all si tid ynskjer desse skulpturane av stål velkommen i parken, då lurer eg på om han har mista bakkekontakten. Det neste han ynskjer velkommen er vel ei Noas ark i stål som han kan fortøya i stålpullertane sine. Eg skal framleis væra medlem, men kjem ikkje til å gjera dugnad for noko som er sterkt i strid med vedtektene for Parken. Me kan gjerne sei at det er kommunen som eig og styrer Parken, men det betyr ikkje at me skal sei at ting er OK. Me kan sei, som styre for Venelaget i Parken at me er mot slik plassering, men lyt bøya oss for fleirtalet og eigarskapet, ikkje forherliga, det slik Oscar gjer.

Eg vonar inderleg at det nye eigarskapet i Borggata Futurum ser andre løysingar enn det Oscar ser. Det er ingen tvil om at det dei handlande vil ha er: Gå tørrskodd når de kikkar i butikkvindauge, ha lengre opningstider, kunna setja seg ned å nyta ein kopp kaffi eller anna. Ha mogelegheit til å parkera meir enn to timar på Torget. Ha ei bilfri gågate.

Nei Oscar, det handlar ikkje om skulpturar, men om grøn park, om tilgjengelegheit for alle, parkering for bil og kropp. Det maritime har me i kaiområdet, det burde og Oscar ha skjønt for lenge sidan, eller er han redd for stormflo?

Takk for meg Oscar, du får ikkje fleire svar frå meg. Slik eg har lest fleire avisinnlegg, så har du lite støtte i folket på Stord, eller les du ikkje same avis som meg/oss? Eller er det berre dei andre som ikkje forstår?

Sigmund Kroka

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut