annonse

– Det som skjer på Smedholmen i desse dagar er ei trist sak

Kystkultur
Kystkultur: John Olav Heggland og Steinar Rosset lurer på kva planar Fitjar kommune har med Smedholmen, og korleis det kan ha seg at det ikkje er plass til både kystlivskule, friluftsråd og båtfolk. Arkivfoto (Foto: )

Ope brev til ordførar Wenche Tislevoll, Fitjar kommune

Det som skjer på Smedholmen i desse dagar er ei trist sak. Leirskulen har fått frist til 1. des. med å flytta frå øya og avvikla leirskuledrifta der. På Smedholmen har eldsjelene Einar Matre og Terje Skorpen drive kystkultur i meir enn 3 tiår. Tatt vare på lokale bruksbåtar og drive leirskule der dei har formidla kystkultur til ungdommar frå heile landet. Båtsamlinga omfattar 10–12 mindre bruksbåtar og kutteren Seladon. Seladon er rigga som seglkutter, og det er Einar Matre og Terje Skorpen som har sett i stand Seladon og halde den ved like. Smedholmen har frå 1976 og fram til å dag vore base for leirskuledrifta.

Det som er uforståeleg for oss og mange andre som er interessert i kystkultur og friluftsliv ved kysten, er kvifor leirskuledrifta på Smedholmen skal avsluttast. Inn kjem Fitjar kommune og Friluftsrådet Vest utan at dei har lagt fram ein plan for vidare drift av Smedholmen. Småbåtane må setjast på land. Utan Smedholmen som base blir det umogeleg å drifta leirskulen vidare. Meir enn 30 år med levande kystkultur på Smedholmen er over. Det skjer utan at Fitjar kommune legg til rette for ei alternativ drift av leirskulen. Leirskulen på Smedholmen har til denne dag stått på eigne bein økonomisk og har ikkje belasta kommunen sin økonomi. Tvert imot har Einar Matre og Terje Skorpen gjennom sin mangeårige dugnad for kystkulturen tatt vare på båtar, hus og utstyr på Smedholmen.

Smedholmen burde vore eit regionalt senter for kystkultur. Smedholmen representerer ein viktig kompetanse i kystkultur som må takast vare på. Den knyter saman fortid og framtid, og me kan ikkje sjå på at dette berre forvitrar og blir borte.

Det er mange av oss som på ulikt vis har arbeida for friluftsliv ved kysten og kystkultur, men Smedholmen og arbeidet til Einar Matre og Terje Skorpen står i ein særklasse. Med små midlar og stor eigeninnsats har dei over lang tid bygd opp leirskulen på Smedholmen slik den er i dag. Blir leirskulen borte, er det eit livsverk som smuldrar opp. Eit tap for heile kystkulturen på Vestlandet. Smedholmen høyrer med til det grøne skiftet som samfunnet må gjennom og er arbeidsplassar og opplevingar som me må ta med oss inn i framtida.

Me lurer også på om Fitjar kommune skjønar synergieffekten leirskulen har hatt for kommunen. I løpet av desse 30 åra er det mange menneske som har kome til Fitjar for å vere kursdeltakarar på forskjellige kurs på Smedholmen/Seladon; born, ungdommar og vaksne. Leirskulen har verkeleg vore med på å setje Fitjar kommune på kartet. Men vi har enno til gode å lese i media at kommunen sine folk anerkjenner og verdset det arbeidet som Matre og Skorpen har gjort for kommunen. Det gjeld både som ambassadørar for Fitjar og det viktige arbeidet deira med formidling av levande kystkultur til kommande generasjonar.

Det kokar på sosiale medium rundt Smedholmen, og Einar Matre og Terje Skorpen har stor støtte for sitt ynskje om å halda fram med leirskulen på øya. No er det oppretta eit Facebookopprop for ein levande kystkultur på Smedholmen. Pr. 16.10 er det 172 som har signert oppropet, me vil oppmoda ordføraren til å lese kommentarane som mange har skreve via denne lenkja.

Underteikna har ikkje møtt eit menneske som forstår kvifor leirskulen på Smedholmen må bort.

Fitjar kommune har så langt ikkje tatt ansvar for Smedholmen og drifta av leirskulen der, og får Fitjar kommune det som dei vil, er det over og ut for leirskulen på Smedholmen, og øya vil få same lagnaden som dei fleste andre Fitjarøyane: Smedholmen vil vera folketom og fråflytta det meste av året.

Me har nokre spørsmål til Fitjar kommune som me vil at ordføraren skal svara på. Kva planar har kommunen for Smedholmen? Kvifor er det ikkje plass både til leirskulen og Friluftsrådet Vest og båtfolket på Smedholmen?

Fitjar kommune har også eit ansvar for å ta vare på kulturarven på Smedholmen. Blir kommunen sitt vedtak om å avvikla leirskuledrifta på Smedholmen ståande, vil denne kulturarven bli borte for godt. Forstår kommunen kva verdiar som står på spel og kva vil kommunen gjera for å ta vare på kulturarven på Smedholmen?

Leirskulen på Smedholmen og det arbeidet Einar Matre og Terje Skorpen har gjort for å ta vare på kystkultur og historie angår mykje meir enn Fitjar kommune. Smedholmen representerer vestnorsk kystkultur og levande kulturformidling. Dette ansvaret må Fitjar kommune forstå og ta på alvor.

Husa er det staten som eig. Har Fitjar kommune i samråd med staten vorte samde om at avvikling av leirskulen på Smedholmen og at tomme og fråflytta hus er ein er ein god måte å ta vare på husa på. Eller er det andre planar på gang?

No må kommunen koma på banen og svara for seg. Fitjar kommune må lytta til oss som har arbeida med kystkultur og friluftsliv i mange år. Det er mange no som stiller desse spørsmåla. Det hastar, og me vil ha eit svar i god tid før fristen 1. des. går ut. Ein kan ikkje berre avvikla leirskuledrifta på Smedholmen utan at ein har ein plan for korleis ein vil bruka øya og ein plan for korleis ein vil ta vare på kystkulturen der. I desse planane for Smedholmen bør det absolutt vera rom for leirskulen.

Vårt ønske er at kommunen og leirskulen i fellesskap finn ei løysing. Og me trur at det på begge sider er ein reell vilje til å gjera det, leggje fortida bak seg og sjå framover. Difor vil me be om at partane set seg saman og snakkar gjennom korleis dette kan gjerast. På Smedholmen meiner me at det er plass både til båtfolket og til leirskulen om ein legg tilhøva til rette for det. Det må leggjast til rette for ålmenta og båtfolket sin bruk av Smedholmen og for drift av leirskulen. Dette vil vera ei god løysing for kommunen og sikra framtida til leirskulen på Smedholmen.

John Olav Heggland Steinar Rosset

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut