annonse

«Det var i alle høve enklare før»

I skodda
I skodda: Her ser me MF «Samnøy» som passerer Spissøysundet med kurs for ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg tidlegare i år. (Foto: Marius Knutsen)

  • Meiningar

På bakgrunn av dei utrulege ting som har hendt langsmed norskekysten siste halvåret, kan eg ikkje dy meg med å lufta det som kvernar i hovudet på ein gammal stratt. Du har sikkert høyrt «du må tenkje sjæl». Det er lov, sjølv om det har teke til «å rapa i teljeverket»!

Når me ser kor vanskeleg det er å koma til botnars i årsakssamanhengen i dei ymse hendingar, legg berre merke til alle dei forståsegpåarane med spisskompetanse, som må på banen for å koma fram til årsaka til havari eller motorstopp. For å vera sikker på at rapporten har noko sant i seg. byrjar ein å leita på teiknebrettet og så «tek ein det derfra», for å nytta eit moderne standarduttrykk. Molboaktig, spør du meg.

«Anders Ole» gjorde det enkelt då han fekk motorstopp på fisketuren. Han visste at det var lenge sidan han hadde slagga tanken og at det var lite solar på tanken. Han la også merke til at det skvalpa litt i straumen nymåne, høge flo og møkje nedbør var årsaka, det gav utslag i tanken, sjølv om det ikkje var eit einaste vindpust. Sabben hiksta litt, før han stoppa. Anders Ole hadde både skiftenøkkel og reinsenål om bord, so det gjekk greitt å reinska opp, Medan han heldt på, hadde svartaskodda sige inn, så tett som berre havskodda kan vera. Eg høyrde nett på nyheitene her ein dag at i sambandet Halhjem-Sandvikvåg var ho so tett at det var uråd å brøyta seg fram. To radarar, GPS, kartplottar og liknande nymotens greier er til inga nytte.

Les også: No har det blitt ein parodi (+)

Anders Ole hadde ingen problem med navigeringa. Det var berre å styra etter skumstripa, som danna seg i straumen. Då han skurte opp i våro og skulle gå i land, merka han at skiftenøkkelen var borte. Det var berre éin ting å gjera: snu og gå ut og henta han. Han styrte etter holet i skodda der han hadde gått inn. Då det tetna til for baugen, ser han skruløkjelen liggja i skodda der han hadde lagt han, medan han sette motorkassen på plass!

Det eine kan vera like truverdig som det andre.

Nils Vestbøstad,
Fitjar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut