annonse

Det viktigaste først

MEININGAR
MEININGAR: – Når Sunnhordland vel ei overskrift som badeland og gratis buss, legg ikkje avisa vekt på dei viktigaste prioriteringane for SV, skriv Hilde Hauglid og Nils Magne Blålid i Stord SV. (Foto: Ingvild Siglen Berger)

  • Meiningar

Dei viktigaste sakene for Stord SV er: Eit samfunn med små skilnadar, ja til velferd utan profitt, klima og miljø, oppvekst, helse og kultur.

Me må redusera CO-2-utslepp på vegtransport, luft- og sjøfart, olje/gass og industri, både lokalt og globalt. Stord må ta sin del av dette.

Barn og oppvekstvilkår er eit satsingsområde for SV. Difor vil me byggja Nysæter Ungdomsskule. Me vil byggje ny offentleg barnehage i Sagvåg/Litlabø-området. Me vil redusera prisen på SFO, som no kostar over 30 000 kroner i året per barn. Me vil at barnetrygda ikkje skal reknast med ved utmåling av sosialhjelp, slik som det er no.

Når Sunnhordland vel ei overskrift som badeland og gratis buss, legg ikkje avisa vekt på dei viktigaste prioriteringane for SV. Å byggja badeland, med 25 meters symjebasseng, vil vera ei klar betring av fritidstilboda for Stord og Sunnhordland, men berre om investeringa kan forsvarast økonomisk. (Inntektene betaler renter og avdrag.)

Eit godt og billeg kollektivtilbod gjer at ein kan komma seg både til badeland og til andre stader på Stord på ein miljøvenleg måte.

Hilde Hauglid
Ordførarkandidat Stord SV

Nils Magne Blålid
Leiar Stord SV

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut