annonse

«Dette er galskap. Heile øya må kjempa imot»

Reagerer
Reagerer: Joar Hystad (innfelt) ønskjer ikkje utviding av vindparken. (Foto: Privat)
Har fått nok
Har fått nok: Jo fleire som gir beskjed, jo meir aukar sjansane for at dette aldri blir noko av, skriv Joar Hystad (t.v.). Her saman med brørne Bendik og Jacob og pappa Ole Jacob då dei gjekk Stordøya på langs. (Foto: Privat)

  • Meiningar

Planane om å dobla vindmøllearealet i Fitjarfjellet er noko eg nesten har vanskar med å ta seriøst. Her må me setja foten ned og gi beskjed om at dette ikkje er greitt.

Eg er ikkje frå Fitjar, men frå Stord, og eg bur i Bergen. Frå Ulrikens topp i Bergen kan ein, på ein og annan sjeldan ljos dag, skimta vindmøllene i det fjerne. Litt stilig er det faktisk. I alle fall reint estetisk, og særleg frå litt avstand. Men det held no.

Bakgrunn: Vil byggja 25-40 nye vindmøller 

Etter hundrevis av turar på Stord-sida av fjellet i oppveksten, skulle eg i 2017 for første gong få oppleva kva øya vår faktisk har å by på av vanvitig natur. Saman med far min og brørne mine kryssa me øya på langs frå Austreneset i nord til Hornelandsneset i sør – i regn, sludd, skodde, vind, under blå himmel med sola i fleisen, på og utanfor sti, over elvar og bekkar, opp og ned bratte fjellskåringar, og delvis på kryss og tvers.

Eg understrekar at eg berre kan snakka for meg sjølv, men overraskinga over kor gigantisk stort og fantastisk Fitjar- og Stordfjella er, var enorm. Visst var eg klar over at det var svært og visst var eg klar over at det var flott, men at det skulle vera på dette nivået, hadde eg rett og slett ikkje sett for meg. Dei sju fjella eg stundom driv og traskar opp og ned her i Bergen, kan ikkje måla seg når det gjeld mangfald og naturleg variasjon.

Har fått nok
Har fått nok: Jo fleire som gir beskjed, jo meir aukar sjansane for at dette aldri blir noko av, skriv Joar Hystad (t.v.). Her saman med brørne Bendik og Jacob og pappa Ole Jacob då dei gjekk Stordøya på langs. Foto: Privat

Skal det byggast så langt sør som til Klovskardfjellet, er nær sagt halve øya kledd med vindmøller. Nokre vindmøller skal me tola, men som sagt; det held no. Her må storda- og fitjarbuar kjempa saman mot galskapen. Fitjar-ordførar Wenche Tislevoll seier at kommunen kjem til å forholda seg aktiv i saka. Eg håpar ho meiner at dei skal yta aktiv motstand. Eg skulle likt å sett korleis me stordabuar hadde reagert viss det kom forslag om å kle området Hetlesæter-Kattnakken-Mehammersåta-Sætrabøfjellet-Stavlifjellet-Ravatnet-Stovegolvet med vindmøller. Folk hadde funne fram kjetting og hengelås med éin gong!

John Karsten Raunholm: – No går ein laus på indrefileten

No må heile øya stå saman mot planane i nord. Jo fleire som gir beskjed, jo meir aukar sjansane for at dette aldri blir noko av.

Joar Hystad

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut