annonse

«Dette viser lite respekt både for brukarane og personale»

REAGERER
REAGERER: Fagforbundet meiner ein vil rykkja tilbake til start om ein legg ned Vidsteentunet, samstundes som ein får nytt bygg på Sæbø gard. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN/ARKIV)

  • Meiningar

I fleire år no har det vore eit stort behov for fleire dagplassar for psykisk utviklingshemma i Stord kommune, og no står endeleg nybygget ferdig på Sæbø gard og klart for innflytting. Både brukarar og personale har sett fram til denne dagen. Me har gledd oss til å ta i bruk både trimrom, sanserom og velværerom som alternativ til dagar med altfor mange personar i veaskuten.

Og endeleg skulle forholda verta bedra for alle. Snakk om å få kasta kaldt vatn i andletet, då me las forslaget frå rådmannen om å leggja ned Vidsteentunet. Då vil me vera attende til start, og ingenting vil vera oppnådd anna enn at me har eit nytt hus, men ingen nye/fleire dagplassar!

Me som fagpersonar og som kjenner brukarane, er dei rette til å uttala seg om konsekvensar ved flytting. Alle som har kompetansen om og som arbeider med personar med utviklingshemming, veit at fortetting skaper splid og uro, då dette er personar med svært ulike individuelle behov. Og me veit allereie at konsekvensane av auka fortetting, er auka konflikt og utagering. Noko me har sett det siste halve året med 16 brukarar + personale i hovudhuset på Sæbø gard. Men me har «hold ut» då me visste at det var ein overgang til det bedra, nybygget.

Rådmannen sitt forslag er at; trimrom, sanserom og anna kan brukast til skjerming for personar som treng det, når desse romma ikkje er i bruk. Som om behov for ro og skjerming går etter klokke og timeplan! Dersom rådmannen sitt forslag vert vedteke, er alle dei 34 plassane ved Sæbø gard oppteke i løpet av dette året. Kva vil rådmannen gjera med dei som kjem dei neste åra? Rådmannen skriv og at det vil vera økonomisk og samlokalisera og få stordriftsfordelar og arealeffektivisering ved flytting av alle frå Vidsteentunet ut til Sæbø gard. Noko som i praksis betyr «fleire brukarar og mindre tilsette, «Vil og nemna at Sæbø gard og Vidsteentunet pr.i dag er 1. avdeling, så særleg sparing vil det ikkje innebera. Me vil minna om at det er menneske med særs store individuelle forskjellar og behov me her snakkar om, og ikkje kjøken eller kontorutstyr! Dette synest me viser lite respekt både for brukarane våre og for personale som får lite rom for fagleg arbeid. Lurer og på kor brukarmedverknaden til brukarane er, og at dette er bestemt utan at tillitsvalde eller verneombod har fått uttala seg i saka ... eller prosessen!!

Wenche Eilertsen,

plasstillitsvalt i fagforbundet

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut