annonse

Difor stemte SV mot MOT

MOT-debatt
MOT-debatt: Ingunn Hansejordet (t.v.) og Kjellbjørg Lunde (SV) røysta imot å halda fram med MOT-programmet i Stord, og Ingunn Hansejordet forklarar i dette innlegget kvifor. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

SV sine to representantar i Komité for oppvekst og utdanning stemte for rådmannen si innstilling om å seie opp avtalen med MOT. Slik argumenterer vi:

Kostnader ved MOT

Dei tre ungdomsskulane betaler til saman 500 000 kroner for å drive MOT-arbeid. Pengane må dei ta frå den såkalla elevressursen, ein pott på 6460 kroner per elev. Desse pengane skal dekke utstyr til undervisninga, vikartimar ved korte fråver, deling av klassane t.d. i valfagsgrupper, buss når dei skal på fjelltur – kort sagt, mykje av drifta av skulen. Stord kommune driv skule for ein billeg penge samanlikna med mange andre kommunar, og elevressursen har gjennom mange budsjett stått uendra og ikkje ein gong blitt regulert for å halde følgje med prisauken elles i samfunnet. Når desse pengane går til MOT, blir det mindre til andre viktige føremål i skulen.

Kvifor kostar det ekstra for skulane å jobbe med så sentrale tema som sosialt samspel og inkludering, personleg utvikling og integritet, og haldningar til rus? Kommunen betaler lisens til MOT for å få bruke programmet deira. Det kostar å sende lærarar på kurs. Dei som er vekke, treng vikarar. Og når elevane skal ha MOT, har dei den vanlege læraren sin, pluss ein MOT-coach, altså ein lærar som har vore på kurs. Ein slik lærartettleik kan elevar og lærarar berre drøyme om å få i dei fleste «vanlege» undervisningstimar.

Alternativ til MOT

I desse dagar driv departementet og skuleverket og førebur ei fornying av læreplanane i alle fag. Tre nye, tverrfaglege tema skal integrerast i fleire fag, og det eine av desse, Folkehelse og livsmeistring, tek opp fleire av emna som MOT handlar om. Utviklinga av dette temaet er eit gyllent høve til å prioritere arbeid med trivsel og mot mobbing på kvar skule. Artikkelen «Hva er det som faktisk fungerer mot mobbing» fortel om god klasseleiing, systematikk og reglar med konsekvensar, i tillegg til vaksne som er til stades og bryr seg. Forskarane ved OsloMet, som har undersøkt arbeidet ved 20 barne- og ungdomsskular, peikar samstundes på at velmeinte aktivitetar som venegrupper, turar og kulturprosjekt kan forsterke utanforskap og mobbing viss miljøet i klassen er dårleg. (Publisert på Forsking.no av Heidi Ertzeid, 22.11.2017.) Forskinga viser altså at trivsel og mobbing er kompliserte fenomen som ikkje har nokon quick fix, og difor krev langsiktig og systematisk arbeid som grip gjennom heile skulen og involverer alle dei vaksne.

Handlar MOT om dei viktigaste tinga?

I følgje nettsidene er MOT sine verdiar «mot til å leve, mot til å bry seg og mot til å seie nei». I ungdomsskulen arbeider dei i 12 obligatoriske økter m.a. med «trygghet, energi og mot», «skape godfølelse hos andre», «ha bakgrunnsforståelse», «følge sitt hjerte og sin lyst».

Vi veit at ungdomstida er ei brytningstid, både inne i den enkelte unge, og i samspelet med andre: familie, skule og jamaldringar. Ungdom jobbar med å finne ut kven dei er og kven dei skal bli, og mange opplever det konfliktfylt. Det er hormonar og pubertet, og tid for å oppdage og utforske eigen seksualitet. Mange er usikre på sin eigen seksuelle identitet. Eg stilte MOT følgjande spørsmål via Facebook:

«Hei! Eg prøver å finne ut om MOT støttar Pride og/eller om nokon av øktene på ungdomsskulen eller vidaregåande handlar om skeiv kjærleik og det å vere ung homofil/bifil. På nettsidene finn eg ingenting om temaet. Kva lærer ungdommane om dette i regi av MOT?»

Eg fekk følgjande svar:

«Hei Ingunn! I MOTs program på ungdomsskolen og i videregående skole snakker vi ikke spesifikt om skeiv kjærlighet, men vi snakker om det å ha MOT til å leve – det å være seg selv og viktigheten av å akseptere seg selv for den man er! Vi støtter all ungdom og ønsker at de skal ha MOT til å være den de er – uavhengig av andre. Det er opp til våre skoler og kommuner om de vil markere Pride!»

Dette svaret synest vi er for generelt og overflatisk med tanke på kor viktige desse spørsmåla er for ungdommar som er usikre på kven dei er, eller redde for korleis andre vil reagere viss dei står fram som skeive.

MOT er god butikk

MOT har ein nettbutikk, slik mange organisasjonar har. I MOT-shop kan du t.d. kjøpe PC-sekk (499,-), drikkeflaske (149,-) og wristband (100,-). Frakt på minimum 99,- kjem i tillegg. Andre produkt er «gave til MOT» (minstebeløp 100,-), MOT-filosofien (ei bok i A6-format til 200 kroner), boxer herre (149,-) og hipster dame (149,-), alt illustrert med bilete. Poenget med desse døma er å vise at MOT ikkje berre tilbyr identitetsbyggjande aktivitetar for ungdom. MOT er i høg grad også ein kommersiell aktør som veit at klede og utstyr blir brukt av ungdom for å markere identitet. I årsmeldinga for 2018 skriv MOT sjølv: «Mange ungdommer sier at de får styrket sitt mot når de bærer MOTs identitetsmarkører. Styrket mot til å ta ansvar for seg selv og til å inkludere andre. Å ikle seg MOTs logo er en synliggjøring av verdivalg, derfor har vi gitt det navnet «I wear my choice». (s. 20) Inntektene på salet av profileringsartiklar nærmar seg 1,4 millionar kroner i året. Det å bere ei MOT-truse til 150 kroner eller wristband til 100 kan sikkert fungere styrkande for den som har dei på, men det kan òg fungere svært ekskluderande for dei som ikkje har råd til slike identitetsmarkørar. SV ønskjer ein inkluderande og reklamefri skule, ikkje ein skule i allianse med ei kommersiell merkevare.

Til slutt

Det gjer sjølvsagt inntrykk når ungdom og vaksne mobiliserer og gir uttrykk for kor viktig MOT er for dei. Det viser oss at slike tema er nødvendige i skulen. Det viser oss òg at ungdommen set pris på slike pusterom i ein altfor teoritung skule, og at dei likar å jobbe på utradisjonelle måtar saman med lærarar og medelevar. Ein styrka elevressurs vil gjere det lettare for skulane å setje inn fleire lærarar, dele elevane i grupper, tilby fleire praktiske valfag, ta elevane med på fjelltur og på andre måtar realisere den inkluderande skulen som vi alle ønskjer.

Ingunn Hansejordet,
representant for SV i Komité for oppvekst og utdanning

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut