annonse

Dilemma i Nordsjøen

STAFJORD A
STAFJORD A: – Problemet er då kva me gjer med understellet, til denne, og til 23 andre Condeep-plattformer i Nordsjøen (tolv på kvar side av sektorgrensa), skriv Gisle Tjong om kva som skjer når Statfjord A skal stengjast av. (Foto: Per Egil Larsen/Arkiv)

  • Meiningar

Om tre år skal altså Statfjord A stengjast av, etter då 43 år i produksjon. Problemet er då kva me gjer med understellet, til denne, og til 23 andre Condeep-plattformer i Nordsjøen (tolv på kvar side av sektorgrensa). For dei står temmeleg fast, skjørta under lagercellene går 30 m ned i havbotnen, Så dette kjem til å verta dyrt, også for statane.

Det er greitt at cellene er ikkje kjemisk reine for olje, sjølv om ein tømer dei så godt det let seg gjera. men det er uansett små mengder det er snakk om. Og understella kan verta ståande slik dei står, i fleire hundre år.

Og når dei ein gong eventuelt skulle kollapsa, er mykje truleg dei små oljerestane omgjort, kjemisk, til eit fast stoff, som ikkje er miljøfarleg.

Viss oljeselskapa vert nøydde til å fjerna understella, vil det garantert verka negativt inn på både evna og viljen, til å operera meir på norsk, ev. britisk, ev, begge sektorar. For her vil store delar av mange års forteneste gå til spille.

Eg har høyrt om ei mogeleg løysing ved å kutta beina 30 m under overflata, og la resten stå att. Må sjølvsagt tettast att først. då er i alle fall risikoen for skipsfarten eliminert.

Elles fungerer jo understell, også i dag, som fiskerev, det skal ikkje heller gløymast.

Gisle Tjong

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut