annonse

«Direkte feil framstillingar»

Museumsstrid
Museumsstrid: – Vedlagde skriv har eg sendt til alle partia i Stord kommunestyre, med kopi til stiftingstilsynet for informasjon. Det er synd at personlege ego blokkerer for eit samarbeid mellom Sunnhordland Museum og Stord Museum. Er det kanskje på tide å vekkja opp at samarbeidstanken? Hjå SMM er ikkje den døra lukka. Eg vonar dei nye kreftene i parken kan opna si dør, skriv Stein Stendahl om bakgrunnen for debattinnlegget. Han presiserer at han er medlem i støtteforeininga for Sunnhordland Maritime Museum, men at brevet er skrive av han personleg. (Foto: Ingvild Eide)

  • Meiningar

I tvisten mellom Sunnhordland Museum (SM) og Stord Maritime Museum (SMM) finn eg feile oppfatningar hjå folk og direkte feile framstillingar i pressa og på Facebook av kva som har hendt i brotet med Sunnhordland Museum. Det eine truleg som følgje av det andre.

• Det er fullstendig feil framstilling av sanninga å påstå at det var SMM som ikkje ville samarbeida og som braut samarbeidet med SM. Tvert om var det SM som sa opp avtalen.

• SMM godtok og skreiv under samarbeidsavtalen som gjorde SM til ansvarleg for drifta av SMM på mest alle felt.

• SM fekk full råderett over SMM med omsyn til drifta, administrativt og økonomisk. Her inngjekk ansvaret for driftsutgifter, inntekter, bankinnskot og fond.

• Alle avgjersler om saker vedkomande drifta, administrasjon og økonomistyring vart lagd under styret og direktøren i SM.

• Driftsstønad frå offentlege organ (kommune, fylke, stat) og alle driftsinntekter skulle som hovudregel gå til SM.

• SM skulle ha dialogen med vertskommunane for dei ulike avdelingane ved søknad om støtte.

• Overordna budsjett og rekneskap skulle fastsetjast av styret i SM.

• Styreleiaren i SM hadde møte- og talerett i styremøta hjå SMM, medan SMM kunne ha ein observatør i SM sine avdelingsstyremøte.

Brotet av denne samarbeidsavtalen er i strid med st.meld.nr. 22 (1999-2000), ABM-meldinga og Museumsplanen for Hordaland. Stord kommune bør spørja seg kva dei vil med museet i framtida.

Som ein kan sjå av denne samarbeidsavtalen så er han ganske omfattande. SMM gav i røynda ansvaret av drifta til SM og godtok at det skulle takast hand om av eit «profesjonelt organ». Dette vart sett fram som eit krav for å få offentlege støttemidlar, og vert i ettertid bruka som vilkår for å skjera ned på den kommunale støtta til husleiga etter brotet. Her kan eg visa til sakspapira i Stord kommune møtedato 08.06.1993 MOK. 68/93 – ark C56, Forslag til innstilling.

I desse åra vart det frå SMM si side bede om innsyn i rekneskapen for avdelinga og budsjett for komande år. Det vart og sagt at SM hadde søkt om midlar frå «Vilde og Lars Skarpnes Minde», eit fond med føremål å støtta maritim kultur i Sunnhordland. Fondet er underlagt SM. Desse spørsmåla vart ikkje imøtegått av SM. Dei heng i lufta utan svar.

I etterkant er det lett å sjå at SM ikkje hadde kompetansen og ressursane som det var behov for til å leia SMM administrativt, økonomisk og fagleg. Diverre vart det for å rettferdiggjera brotet konstruert ein situasjon der det var «gubbane på kaien» som ikkje ville samarbeida. Denne framstillinga slukte pressa, og dette inntrykket vart diverre formidla svært einsidig og er ikkje rett. SMM har heile tida hatt døra ope for samarbeidet og la og fram nytt forslag til avtale som vart avvist. SMM har framleis von om at det kan koma til ei ordning som gagnar begge partar.

Eg ser og tydeleg at dette påverka den politiske prosessen når kommunen skulle handsama søknaden om årleg støtte til husleiga for 2018. Nokre parti som tidlegare var positivt innstilt til SMM snudde og stemte mot løyvinga, medan andre gjekk med på eit redusert tilskot. Det er diverre lett å sjå at det er bindingar mellom folk i SM og nokre politisk miljø.

Det politiske miljøet ser diverre ikkje ut til å vita korleis ei stifting skal drivast og kva ansvar som ligg i å vera stiftar. Dette er regulert av stiftingslova. Det er ikkje etter føresegnene lov å bringa inn eit organ utanfrå til å påverka styringa av stiftinga SMM. Styremedlemmene i stiftinga sit ikkje der som representantar for noko organ utom stiftinga. Dei skal altså ikkje arbeida for stiftarane eller andre sine særinteresser. Styret skal berre arbeida til beste for stiftinga dei er vald inn i. Årsaka er klinkande klar. Ei stifting eig seg sjølv! Ingen utanfrå eig stiftinga! Er habilitet vurdert?

Styret skal arbeida etter to overordna dokument: Stiftingslova og stiftinga sine vedtekter. I tilfellet med SMM er det teke inn i vedtektene eit punkt (3) om at SMM skal samarbeida med SM i museumsfaglege spørsmål. Men ein samarbeidsavtale kan ikkje oppheva stiftingslova og vedtektene. Styret har gått langt ut over SMM sine vedtekter når samarbeidsavtalen vart laga.

Ifølgje gjeldande vedtekter er det berre to stiftarar: Stord Kommune og brørne Oma. SM var ikkje stiftar, dei var samarbeidspartnar, men fekk full råderett over stiftinga. Det er difor gjort nokre formelle feil i denne saka som bør få konsekvensar når kommunen skal handsama søknad om stønad. Det er heller ikkje sånn at kommunen eller eit anna organ kan vedta at stiftinga skal oppløysast. Det er berre styret i stiftinga som kan fremja sak til stiftingstilsynet om oppløysing.

Det er heller ikkje sånn at eit museumsfagleg samarbeid med SM er eit krav for å få lov å eksistera vidare. Dette kravet er berre for at museet skal kvalifisera til fylkes- eller statlege støtteordningar. Sjå og kva Hordaland fylke seier om saka.

I skriv frå fylkesutvalet oppmodar fylket Stord kommune om å medverka til styrking av både SM og SMM for at dei skal kunna fylla sine roller betre. SMM kan fint vera ei sjølvstendig eining for å samla inn, registrera og formidla lokal maritim kulturhistorie. I så måte kan begge musea utfylla kvarandre og på sikt kanskje få til å samarbeida om temautstillingar.

Ei av dei feile oppfatningane om SMM er at dei berre driv og skrur på gamle motorar. Det er ei utsegn bruka av SM i nedsetjande tyding. Sjølv om grunnstamma i stiftinga er motorsamlinga gjeve av brørne Oma, så har museet mykje meir å by på. Det finns ei lang rekke av andre maritime gjenstandar i samlinga, Dei rår mellom anna over ei stor biletsamling, og ikkje minst mykje stoff frå HSD sine glansdagar. Ei imponerande samling båtmodellar og mange skipsmodellar brukte i båtbygginga i distriktet er komen i hus. I tillegg har SMM eit godt utval i gamalt båtbyggjarverktøy og arbeidsteikningar, og reiskap frå støyping av motordelar. Her ligg utruleg mykje stoff for museumsfolk å forska i. Det er fleire veteranar frå dei lokale verksemdene og reiarlaga som gjer ein imponerande dugnadsinnsats og som er ei oppkomme av soger frå tidlegare tider, og med godt kjennskap til korleis ting vart gjorde før i tida.

Stordsamfunnet har ikkje råd å sleppa frå seg dette unike museet med alle kulturgjenstandane og kompetansen som held hus på Nattrutekaien. Det står om små midlar for å driva dette anlegget. SMM vert og vil framleis verta drifta av entusiastar som gjev av si fritid til beste for samhaldet. Men det er sjølvsagt heilt avhengig av at kommunen held seg til opphavleg avtale om støtte.

SMM gjer ei viktig kulturformidling til besøkjande skuleklassar. Fleire hundre elevar får innsyn i vår lokale kystkultur kvart år. Og dette er gratis! Elevane gjev uttrykk for at dei set pris på å få sjå, høyra, lukta og kjenna på motorane og dei andre sakene museet har i samlinga. «Det vert noko heilt anna enn å sjå bilete av gjenstandane på digitale media», som ein sa det. Her heng det ikkje skilt med «ikkje rør». Ikkje få ungar har lært å knyta sin første knute der og fortel heime at no kan dei slå halvstikk.

Kan eg be om at kommunepolitikarane tek SMM inn i det utvida kulturomgrepet og sidestiller dei med dans, musikk, gatekunst og idrett når de vurderer utdeling av midlar?

Stein Stendahl

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut