annonse

Dropp grasklipparen med godt samvit

Kan venta
Kan venta: Når alle vårblomar vert kappa ned så sveltar mange insekt tidleg. (Foto: Colourbox / illustrasjon)

  • Meiningar

Våren kjem, og vårblomane spring fram mellom grastuftene på plenen. Bier, sumarfuglar, marihøner og andre utsette insekt er heilt avgjerande for livet i naturen, men når alle vårblomar vert kappa ned så sveltar mange insekt tidleg. Ved å la plenen gro nokre veker ekstra gir me eit godt utgangspunkt for pollinering, biologisk mangfald og ein frodig sumar.

Det føregår ein massiv insektsdød. Ein trussel som rammar heile vårt økosystem. Utan insekt – ingen pollinering av blomar, frukt, bær og trær. Insekta er avgjerande for fuglelivet og for amfibiar.

Her kan kommunen gjere ein stor forskjell, men det kan også me gjere heime hjå oss sjølv. La villbringebærplantene, markblom og -jordbær få litt ekstra plass i hagen. Så nokre solsikker, ryllik osb. i potter og bed. Drill nokre hol i ein gammal stubbe og lag insektshotell. Dropp round-up og andre insektsfientlege miljøgifter. Ikkje minst kan me med godt samvit la grasklipparen stå nokre ekstra veker utover våren. Til glede for frukthagen, fuglelivet og økosystemet.

Geir Angeltveit,
Stord Venstre

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut