annonse

«Drosjekøyring må føregå i trygge og ordna forhold»

SAMLA
SAMLA: Tidlegare i mai var drosjesjåførar over heile landet i gatene for å seia ifrå om ny «taxilov». Her frå Leirvik. (Foto: Ingvild Eide)

  • Meiningar

Arbeidarpartiet vil ha ei drosjenæring med ordna forhold, der kundane kan kjenna seg trygge, og der sjåførane kan leva av jobben sin. Me vil ha trygg pasienttransport og eit godt drosjetilbod også i distrikta. Difor går me imot regjeringa sitt forslag om frislepp i drosjepolitikken.

Høgreregjeringa har lagt fram eit lovforslag for å liberalisera drosjenæringa. Om dette blir vedtatt, blir det fritt fram for selskap som Uber, Lyft og Cabify. Dette trass i faglege åtvaringar om at det vil gje ein bransje prega av meir svart arbeid og dårlegare kontroll, og internasjonale erfaringar som syner at det over tid gjev høgare prisar og dårlegare sørvis.

Les også: Her proteserer dei mot ny taxilov

Arbeidarpartiet ser på drosjesjåførar som folk med sjølvsagt rett til å kunna leve av jobben sin og ha familie, hus og heim. Høgreregjeringa legg opp til ein politikk med mellombels tilsetting og dårlege arbeidsvilkår, og me fryktar at bransjen kan utvikle seg til ein marknad prega av svart arbeid og useriøsitet.

Arbeidarpartiet er ikkje redde for å regulere ein bransje, når det gagnar både tilsette og kundar. Høgreregjeringa set si lit til ideologiske omsyn og til fri marknad over omsynet til folk.

Arbeidarpartiet lyttar til faglege råd og tek erfaringar frå andre land på alvor. Høgreregjeringa ser vekk frå råd og erfaringar, når det kolliderer med liberalistisk ideologi.

Per Jarle Valvatne,
fylkestingskandidat,
Vestland Arbeidarparti

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut