annonse

«Du kjem heim når du kjem på heim - eineståande eldreomsorg på Stord»

Får skryt
Får skryt: Driv Stord kommune den beste sjukeheimen i verda? spør brørne Haldor, Torfinn, Eystein, Lars og Johannes Slettebø, som har hatt begge foreldra sine på Stord sjukeheim/Backertunet. Biletet er frå den årlege sommarfesten i sansehagen til Stord sjukeheim, avdeling Backertunet. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

  • Meiningar

I meir enn ti år var foreldra våre avhengige av hjelp. Mor døydde på Stord sjukeheim/Backertunet jolekvelden i 2013, far seint i mai 2018.

Fem søner, mange slektningar og vener er storleg imponerte: Korleis er det mogeleg å gjera livskvelden so god?

I dagspressa les me jamt soger om kor ille dei gamle har det på ymse sjukeheimar. Diverre høyrer me sjeldnare frå alle dei som er nøgde. Me det er mange fleire enn oss som takkar og prisar dei tilsette som dreg tyngste lasset, og har ansvaret for dagleg og nattleg omsorg for dei gamle. År etter år.

Det ville vera synd om negative presseoppslag skulle ta piffen og arbeidsgleda frå pleiarar og andre tilsette som kvar dag gjer ein formidabel innsats med fagkunnskap, yrkesetikk og hjartelag. Difor vonar me at å fortelja offentleg om våre røynsler kan setja mot i tilsette i Stord kommune, inspirera praksiselevar og roa pårørande: Å koma på sjukeheim er ikkje noka ulukke. I alle høve ikkje på Stord. Tvert om. Her kan du vera trygg på å få den beste hjelp og omsorg som finst. Meir dugande, venlege, milde og taktfulle tilsette skal du leita lenge etter. Dessutan opplever me stabilitet. Bebuarar som lid av ymse slag minnetap kan gleda seg over kjende andlet, hender og røyster.

Å koma på besøk på Backertunet er ei glede kvar gong. Kom når det høver for deg. Her er ingen faste besøkstider. I døra vert du møtt med ein venleg smil. Same kor opptekne pleiarane er, gjev dei alltid inntrykk av at dei har tid til både samtale og servering. Er det rart me har kjent oss velkomne? Tanken på Backertunet er at dei som bur der, skal kunna ta imot gjester som tidlegare i livet.

Me er gong på gong, i årevis, rørte til tårer av alt det gode me har opplevd. Alltid heimsleg stemning på avdelinga. Høvelege aktivitetar. Frisk luft og kjende lukter av klesvask og arbeid ved strykebrettet. Mor fin på håret og velkledd. Far nybarbert og beint fram ein god del stramare i kleda enn han var før han kom på heim. Høgtlesing og song. Når far for kort tid sidan ikkje har krefter til å vera med på Evert Taube-konsert i hagen i fellesskap, ordnar ein pleiar like godt med privat konsert på rommet. Utan at me som pårørande har kome på den ideen.

Siste levedagane til far har pleiarar sytt for friske roser på nattbordet. Pleiarar kjem innom sjølv om vakta er over. Eller tek ekstravakt for å fylgja han far siste døgeret på jorda.

Endåtil i gravferdene har tilsette frå sjukeheimen vore til stades.

Hjarteleg takk til Stord kommune og alle tilsette på Stord sjukeheim/Backertunet. Me saknar dykk, og funderer: Driv de den beste sjukeheimen i verda?

Venleg helsing
Haldor, Torfinn, Eystein, Lars og Johannes Slettebø

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut