annonse

«Effektivt samband mellom gode naboar»

Årelang debatt
Årelang debatt: Ferjesambandet mellom Kvinnherad og Stord er ei hard nøtt for politikarane. Liv Kari Eskeland, Magne Rommetveit og Knut Arild Hareide er glad saka igjen er oppe på agendaen. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Som stortingsrepresentantar frå Sunnhordland frå ulike parti har me ei felles målsetjing som me på tvers av partigrensene samarbeider om. Det er at Sunnhordland også i framtida skal vera ein attraktiv region som skal knytast saman som ein felles bu- og arbeidsmarknad, og som på denne måten opprettheld den tunge konsentrasjonen av viktige regionale funksjonar som sjukehus, høgskule, tingrett med meir. Ein felles bu- og arbeidsmarknad skapar også grunnlag for vidareutvikling av desse funksjonane og er avgjerande for vekst og konkurransekraft for det lokale næringsliv. I det perspektivet ser me det som avgjerande at ferjesambandet og reisetida mellom dei to kommunane Stord og Kvinnherad snarast må kortast inn. Ferjekaien på Skjersholmane, som medførte vesentleg lengre seglingstid, skulle i 2003 berre vera ei mellombels løysing. Det er på overtid at den permanente og nye løysinga no kjem på plass, og difor støttar me den interkommunale planprosessen som no pågår. Me har tiltru til at lokalpolitikarane i begge kommunane kjem fram til ei ny og betre løysing som raskt kan la seg realisera.

Frå vår ståstad må løysinga innebera kortare seglingstid over fjorden og med det høgare frekvens slik at reisetida mellom dei folketunge delane av Stord og Kvinnherad vert redusert. Me set vår lit til at den faglege rapporten som kjem må vera eit godt grunnlag for den avgjerda kommunestyra skal ta i april.

Å knyta Kvinnherad til Hordfast ved ei effektiv påkopling på Stord vil også vera avgjerande for trafikkgrunnlaget over Hordfast og dermed realisering av ferjefri E39 mellom Stord og Bergen. Som stortingsrepresentantar frå Sunnhordland som brenn for ein sterk region både no og i framtida, må lokalpolitikarane gjera sitt for å knyta regionen tettare saman slik at vår argumentasjon for statleg og fylkeskommunal prioritering av Sunnhordland kan nå fram. Me ser fram til at denne saka no finn si løysing, og vil gje uttrykk for tverrpolitisk støtte til dette.

Liv Kari Eskeland (H)
Magne Rommetveit (Ap)
Knut Arild Hareide (KrF)

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut