annonse

«Eg trur Høgre kan ha godt av å gå i seg sjølv»

Indre strid
Indre strid: – Eg trur den indre kampen i Høgre har vore meir belastande for Peder Sjo Slettebø enn dei opne politisk basketaka, skriv Svein Rørvik, etter at Sjo Slettebø i sist veke trekte seg som ordførarkandidat for Kvinnherad Høgre. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

  • Meiningar

Er det blitt hardare klima i Kvinnherad-politikken siste perioden? Nei, eg trur ikkje det. Peder Sjo Slettebø kan tenkja tilbake på førre periode då han og Høgre sat i opposisjon. Var dei snille med posisjonen? Kven organiserte fakkeltog og stor ståhei om sjukeheimsmat og Dill? Jau, kampanjeapparatet til Høgre og Peder.

For dei som har følgt med i lokalpolitikken nokre tiår, så kjenner dei omgrepet indre og ytre luten. Det er det som kjem fram i denne saka òg, trur eg.

Bakgrunn: Peder Sjo Slettebø trekkjer seg som ordførarkandidat for Høgre

Eg har vanskeleg for å tru at det er dei to store sakene, rådmannssaka og Kvinnherad Energi, som har knekt Peder. Dei to sakene har vore opne saker med tydelege frontar. Ein redeleg politisk kamp, spør du meg, sjølv om eg er usamd med avgjerdene i begge sakene.

Nokon bør gå i seg sjølv, vart det uttala etter infoen frå Peder i formannskapet sist torsdag. Ja, det er eg samd med. Eg trur Høgre kan ha godt av å gå i seg sjølv. Eg trur det må ha vore ein tøff jobb å balansera indre/ytre interesser i denne perioden. I dei fleste vedtak peikar pila i favør Rosendal. Også i dei to tunge sakene, rådmannssaka og Kvinnherad Energi. BKK skal over Årsnes. Haugaland Kraft trekkjer Kvinnherad mot sør.

Slettebø: – Blei sliten av det politiske spelet

Årsnes er litt av kjernen i indre/ytre-spelet. Årsnes er samferdsleknutepunktet som styrkjer Rosendal og vender Kvinnherad mot Hardanger. Alle vegar fører ikkje lenger til Roma, nei, dei fører til Årsnes.

Sunnhordland-diagonalen vil venda heile Kvinnherad mot sør/nord-aksen E39, via Husnes. Det e fa’li, det! Kven kjempar for denne diagonalen? Husnes Vekst? Kvinnherad Næringsservice? Eg ser ingen utanom ein entusiastisk Håkon Røstbø. Men, så er eg ikkje på Facebook heller. Det er visst der det skjer.

Den indre kampen i Høgre har vore skadeleg, trur eg, både for Peder og partiet. Denne indre/ytre kampen har pågått i «alle tider», i alle fall så lenge eg kan hugsa. Høgre og posisjonen har til fulle fått utteljing i inneverande periode med vedtak som peikar retning Rosendal. Det bør resten av Kvinnherad etter kvart få opp augo for, ikkje minst dei 400 underskriftene frå Omvikdalen som kjenner pusten frå Skålagato i nakken.

Les også: Det politiske miljøet er i sjokk over Slettebø si avgjerd

Eg kan nemna nokre andre saker: Bogsnes, Aksen, Opsangervegen, Kvinnheradpakkane, rådmannssaka, Kvinnherad Energi med fleire.

… og ikkje til å snakka om Husnes idrettssenter og ny idrettshall. Det komplekset vil eg koma tilbake til i eit nytt innlegg.

Eg trur den indre kampen i Høgre har vore meir belastande for Peder enn dei opne politisk basketaka.

Svein Røyrvik,
Sunde

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut